Håpar å klippa til gull

Denne veka reiser nesten 30 norske frisørar til Frisør-VM i Milano. – Nordmennene har god sjanse til å vinna, meiner ein tidlegare dommar i konkurransen.

Malene Gangstøe og Silje Kvamdal

Malene Gangstøe (t.v.) og Silje Kvamsdal har øvd mykje på klipping og styling dei siste vekene.

Foto: NRK

For 34. gong blir frisør-VM i år arrangert, og til helga går konkurransen av stabelen i Milano i Italia. Rundt 1000 frisørar skal delta i konkurranse, og omtrent 30 av desse er frå Noreg.

Silje Kvamsdal frå Voss og Malene Gangstøe frå Bergen er to av dei norske deltakarane. Dei byrjar å føla seg klare for konkurransen.

– Dei siste vekene har me øvd kvar einaste dag i fleire timar. Så det blir litt kan du sei, seier Silje Kvamsdal.

– Går det an å bli lei?

– Om det går an, kva trur du, ler ho.

– Når du gjer det same om og om igjen så blir du til slutt ganske grøn, seier Kvamsdal.

Sjå video frå då Kvamsdal og Gangstøe øvde hos NRK onsdag:

Silje Kvamdal og Malene Gangstøe skal delta i Frisør-VM 2012 i Milano.

Har berre 15 minutt

Silje Kvamsdal skal delta i seniorklassa i kategorien herremote. I 2007 og 2012 vann ho NM, og i 2007 vann ho også i OMC World cup (VM).

Silje Kvamdal øver til frisør-VM

Silje Kvamsdal øver på herremote. Foran er modellen til Malene Gangstøe.

Foto: NRK

Malene Gangstøe deltok i NM for første gong i år. Sidan ho er under 25 år skal ho delta i junior-klassa. Ho skal konkurrera i kategorien moteklipp, og som alle andre juniorar skal ho klippa håret på dokker under VM.

Under konkurransen må dei gjera seg ferdig innan det har gått 15 minutt.

– Då skal du klippa, og føna og alt skal vera perfekt og ligga i ulike retningar. Dei femten minutta verkar som berre fem, seier Kvamsdal.

LES OGSÅ: Til Moskva med saks

– Bra frisørutdanning i Noreg

Espen Sævoll er tidlegare Noregs- og Nordisk meister innan frisørfaget. Han har også vore dommar i VM i elleve år og kjenner konkurransen godt. Sævoll har tru på at nordmenn kan gå til topps i årets frisør-VM.

– Me nordmenn er dedikerte og me har veldig god utdanning. Lengda på utdanninga for å bli frisør og få sveinebrev er lang i Noreg, i forhold til i ein del andre land der du berre har forkurs og hiv deg ut på kundar, seier Espen Sævoll.

Onsdag såg han på då Kvamsdal og Gangstøe øvde til VM.

– Dette med å laga konkurransefrisyre er ferskvare. Både fargar og lengder er på langt nær der dei skal vera, men det nærmar seg absolutt, var Sævoll sin kommentar til det han fekk sjå.