Kommunalminister Erna Solberg seier ho ynskjer eit system for kvotehandel med CO2 så raskt som mogeleg.
Heilt avgjerande
Ei slik ordning er heilt avgjerande for å sikra 100 arbeidsplassar ved Odda Smelteverk. Verket har nemleg planar om å leggja ned karbidproduksjonen, som i dag forsyner verket med CO2-gass til bruk i andre produkt.
Håp om berging
Verket vert då heilt avhengig av å få CO2 utanfrå, og kommunalminister Erna Solberg seier ho håpar det skal gå i orden - FØR 2004.