Fleirtalet frå Ap, Venstre, KrF og Senterpartiet går også mot å leggja ned klassar i vidaregåande skule, og internatet ved Årstad spesialskule i Bergen.
Teknisk allmenfag, også kalt TAF-klassene, på Nordhordland Videregående Skole vert likevel ikkje nedlagt dersom fylkestinget følgjer fylkesutvalget si tilråding.
Fleirtalet i fylkesutvalet vil også gi meir til samferdsle og kultur enn fylkesrådmannen foreslo.
Budsjettet vert avgjort i fylkestinget om tre veker.