NRK Meny
Normal

Hanstveit: – Det blir tøffe kampar uansett

Erlend Hanstveit veit godt kva det vil seia å spela kvalik-kampar for å overleva i eliteserien. Brann-kapteinen har ingen meining om kven av Mjøndalen eller Bærum han helst vil møta denne gongen.

Erlend Hanstveit

SJÅ VIDEO: Erlend Hanstveit meiner kvaliken blir tøff, uansett kven dei møter. Mjøndalen og Bærum gjer opp seg i mellom i kveld.

Erlend Hanstveit i 2014-sesongen

HAR GÅTT I KRIGEN FØR: Erlend Hanstveit har erfaring frå kvalik-kampar med Brann.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Eg hugsar det var intense kampar med mykje som stod på spel.

Slik skildrar Brann-kaptein Erlend Hanstveit kvalifiseringskampane mot Sandefjord hausten 2002. Brann hadde den sesongen hamna på 12. plass i Tippeligaen og måtte kjempe mot nummer tre i 1. divisjon om retten til vidare spel den øvste divisjonen.

Teitur Þórðarson var Brann-trenar, medan Tom Nordlie ville styre Sandefjord opp i eliteserien. Den første kampen enda uavgjort 0–0 medan Brann vann 2–1 heime mot Sandefjord i den siste og avgjerande kampen.

– Etter ein lang sesong så blir det klimaks i dei kampane. Eg trur vi får ei fin ramme rundt kampane denne gongen også, for supporterane våre har vore fantastiske i haust, seier Hanstveit.

Skryt av dei yngste

I kveld blir det klart kven Brann møter i dei to livsviktige kvalik-kampane seinare i november. Mjøndalen IF og Bærum SK skal gjera opp seg i mellom kven som får moglegheita til å spela om opprykk til Eliteserien.

Norling fortalde NRK i går at han kjem til å sende sine folk på kampen for å hente inn informasjon og speide på dei to potensielle motstandarane.

Dei har bretta opp ermane i haust

Erlend Hanstveit om dei unge spelarane

Eitt av laga kjem til å møte eit Brann-lag med mange unge spelarar. Sjølv om Hanstveit er veteran og har erfaring frå dei nervepirrande kampane frå før av, føler han ikkje at dei yngste spelarane i Brann-laget treng særleg med «input» før kampane.

– Det har blåst godt i heile haust og dei unge spelarane har stått fint i det. Det har bretta opp ermane, skryt kapteinen.

– Men det er to spesielle kampar og kanskje må ein spela meir på resultat enn det ein gjer i ligaen.

Saka held fram under videoen

Arkivstoff frå NRK Sporten

SJÅ JUBELSCENENE FRÅ 2002: Teitur Þórðarson jublar som besatt etter å ha sikra overlevelse i Tippeligaen med 2-1 heime mot Sandefjord.

– Blir tøft uansett

Brann må tola å vera favorittar, same om det blir Mjøndalen eller Bærum dei møter. Hanstveit meiner at Brann med siger vil komma styrka ut av den elendige 2014-sesongen.

– Me vaks veldig på det sist i 2002. Kjem me ut av dette på ein god måte får me mykje energi.

Men kven han helst vil møte til dei avgjerande kampane i slutten av november vil han ikkje seie.

– Mjøndalen er det mest fysiske av dei to medan Bærum er meir spelande. Men begge laga er bra og har gått gjennom 1. divisjon på imponerande vis. Det blir eit tøft oppgjer uansett.

Siste video

Programelder Øyvor Bakke
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.
Bergensartisten avsluttet den store valgdebatten på Festplassen i Bergen.