Hopp til innhold

Spelar sin 300. kamp for Brann

Når Erlend Hanstveit går ut på stadion i morgon kveld, blir det for 300. gong i den raude trøya. – Det er eit lite stykke opp til «Geddien». Det hadde vore kjekt å passert han.

Erlend Hanstveit

KRIGAR: Kampen mot Sandnes Ulf fredag blir Erlend Hanstveit sin 300. kamp i den raude Brann-trøya.

Foto: Astrid M. Nordhaug/Digitalsport / Digitalsport

Erlend Hanstveit som ung

LANDSLAGET: Erlend Hanstveit har over 40 aldersbestemte landskampar. Her i Kiev saman med U21-landslaget i 2001

Foto: Richardsen, Tor / NTB scanpix

– Eg huskar godt den første gongen. Som liten gut var eg ofte på Stadion og følgde med. Så den første kampen var veldig stort. Men mykje nervar og nervøsitet.

33 år gamle Erlend Hanstveit er ein ekte klubbspelar. Han fekk sin første seriekamp for Brann i 1998-sesongen. Sidan har det blitt totalt 11 sesongar i den raude drakta. Etter utanlandsopphald og proffspel i Gent og Helsingborg, er Hanstveit no snart ferdig med sin 12. sesong i Brann-drakta.

Og i morgon passerer han smått utrulege 300 kampar for same klubb.

Gode minner

Brann - Odd Grenland

BASKETAK: Mange hugsar nok basketaket mellom Hanstveit og dåverande Brann-trenar Mons Ivar Mjelde. Trenaren prøvde å hindre spelaren sin i snakke på seg gult kort.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

– Det blir litt spesielt. Når ein ser tilbake har det vore utruleg mykje moro og gode stundar på Stadion, smiler Hanstveit som minnast 2007-sesongen som den aller gjevast.

– Dei kampane vi hadde på heimebane den hausten i gullsesongen – dei var heilt spesielle. Vi hadde momentum i spelet vårt og vi visste at vi hadde kampen i boks nesten før vi hadde starta.

2007 står med andre ord i sterk kontrast til årets sesong, som no handlar om å overleve i Tippeligaen.

– Vi har hatt ein fin og jamn stigning i heile haust. Førre kamp var årsbeste. Eg håpar vi sakte men sikkert kan bygga opp noko av det same momentumet som vi hadde i 2007.

– Flinke til å ta vare på dei unge

Då 17-åringen frå Osterøy vanka i gangane på Stadion, var det ikkje reint få klubbar i utlandet som følgde han med argusauge. Både PSV Eindhoven, Leeds og Manchester United var av dei som ville ha signaturen.

Men Hanstveit prioriterte skulegang og utvikling i Brann.

– Det var veldig greitt å koma inn i klubben her. Brann er flinke til å ta imot unge spelarar. Og det er kontinuitet i klubben, sjølv om det er nye spelarar og nye fjes. Det kjennest framleis som den same klubben som i 1998.

– 300 kampar, er du betre fotballspelar no?

– Ja, viss ein samanliknar 17-åringen med 33-åringen så er eg blitt betre ja. Har fått mykje erfaring frå den gang.

Vil ta igjen «Geddien»

Erlend Hanstveit

NI MÅL: – Det er ikkje så vanskeleg å hugsa måla mine, det er ikkje mange av dei, ler Erlend Hanstveit. Han står med ni seriemål, seks cupmål og to mål i Europa.

Foto: Tor Richardsen / Scanpix

Han veit ikkje om klubben har planar om å gjera ekstra stas på han før kampen mot Sandnes Ulf fredag kveld.

– Vi får sjå. Men eg har fått 300 billettar som eg kan dela ut til idrettslag og anna på Osterøy. Det var ein veldig fin gest.

Og med 300 kampar er Hanstveit den spelaren med tredje flest kampar for Brann. Framfor han ligg Geirmund Brendesæther med 335 kampar i perioden 1991 – 2003. Heilt øvst Tore Nordtvedt med 398 kampar på 60- og 70-talet.

– Eg tar ein sesong av gongen, slik er det i denne alderen. Då er det vanskeleg å tenka for langt fram.

– Men «Geddien» er det mogleg å passera. Eg spelte med han i byrjinga, så det hadde vore gøy å passert han. Nordtvedt ligg langt der framme, det trur eg ikkje er realistisk, ler Hanstveit.