NRK Meny
Normal

Hanne er ein av fleire tusen som ikkje får pollenvaksine

Berre 15.000 av ein million nordmenn med pollenallergi får vaksine. – Samfunnet kan spara store summar på at fleire får, meiner Astma- og allergiforbundet.

Hanne Olsen med pollenmedisin

LEI: Hanne Olsen har pollenallergi, og går på medisinar ho meiner har liten effekt.

Foto: May Helen Rolfsnes / NRK

– Eg stod på ein medisin tidlegare, og den hadde ingen effekt. No går eg på ein annan. Eg føler meg ikkje dekka når allergien står på som verst.

Hanne Olsen er ikkje åleine. Ifølge Astma- og allergiforbundet har om lag ein halv million nordmenn avgrensa effekt av vanlege pollenmedisinar.

Løysinga kan vera å vaksinera seg no utanom pollensesongen, men det er altfor få som får tilbodet om vaksine. Berre 15.000 nordmenn blir vaksinert i dag.

Svært gap

Kring ein million nordmenn har pollenallergi. Noregs astma- og allergiforbund meiner det er på høg tid at vaksinetilbodet blir utvida.

Sverre Steinsvåg er leiar i legerådet til Noregs astma- og allergiforbund og spesialist på øyre-nase-hals-sjukdomar. Han fortel at mange hundre tusen burde vore vaksinert mot pollen.

– Det er eit svært gap mellom dei som i dag får behandling, og dei som kunne hatt nytte av behandling.

No er det berre dei som har aller verst allergi som får tilbod om vaksine. Sjukehus og øyre-nase-hals-spesialistar har ikkje kapasitet til å vaksinera fleire mot pollenallergi.

Sverre Steinsvåg

Leiar i legerådet til Noregs astma- og allergiforbund, Sverre Steinsvåg.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Kostar samfunnet 10 milliardar

Behandlinga med tablett- eller sprøytevaksine tar rundt tre år. Eit fullstendig vaksinasjonsopplegg kostar opp mot 40.000 kroner per person, men det blir ingenting samanlikna med samfunnskostnadane, ifølgje Steinsvåg.

– Mange ville då hatt betydeleg større yteevne, både med tanke på arbeid, skule, fritidsaktivitetar og mindre sjukemeldingar. Det er ein vesentleg gevinst å hente ut av vaksinere fleire.

Berekningar frå Helsedirektoratet viser at plager med pollenallergi kostar samfunnet opp mot 10 milliardar kroner i året.

Tabletter mot pollen

Eit fullstendig vaksinasjonsopplegg kostar opp mot 40.000 kroner per person.

Foto: May Helen Rolfsnes / NRK

Ber om hjelp og støtte

Astma- og allergiforbundet ønsker at helsemyndigheitene løyver meir pengar til vaksinering av pollenallergikarar. Helsemyndigheitene spør etter meir dokumentasjon om astma og allergi.

– Det kan godt hende at vi som er fagpersonar bør vera tydelegare i formidlinga om kor stort behovet er, vedgår Steinsvåg.

Leiaren i legerådet ber no fleire spesialistar om å kome på bana og tilby vaksine.

– Det som hjelper, er om fleire praktiserande spesialistar innan øyre-nase-hals, lungespesialistar, og kanskje også spesialistar innan barnemedisin, kan ta ein større del av denne behandlinga.

Aldri fått tilbodet

Hanne Olsen har slite med pollenallergi sidan ho var liten. Ho har sterke allergireaksjonar store delar av året.

– Du blir heilt tett i nesa, det renn, og du nys opp mot 200 gongar til dagen.

Medisinane funkar lite, og 22-åringen synest difor det er rart at ho ikkje fått eit einaste tilbod om vaksine av fastlegen sin. No har ho tatt saka i eigne hender.

– Eg har lest meg opp på vaksinen sjølv. No vil eg absolutt ta den.