Transportordinga blei vedteken av fylkespolitikarane i juli i fjor.
Dei handikappa får eit kort på 2250 kroner kvart halvår, som skal dekke alle reiser med taxi. Dette inneber at dei må betale 25% av beløpet på kvar tur, og når dei har brukt opp kortet må dei betale heile reisa sjølv.
Beløpet på 2250 kroner er altfor lite, meiner dei handikappa. Nokon brukar det opp på 1 mnd, og vert dermed sitjande heime dei neste fem mnd., til dei får eit nytt kort. Særleg dei som bur litt utanfor sentrum får svi.
Det er Samferdselsutvalet i Fylkeskommunen som har bestemt kor stort beløpet på rabatt-kortet skal vera. Handikappforbundet har vore i kontakt med Fylkeskommunen fleire gongar, men førebels har ingenting skjedd.