Ministeren opna Vangstunnelen

I dag opna Vangstunnelen på Voss, som vil ta unna store delar av trafikken mellom aust og vest.

Ketil Solvik-Olsen åpner Vangstunnelen

FEIRA NY TUNNEL: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen opna Vangstunnelen på E16 gjennom Voss sentrum fredag.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Tre år har bygginga teke, men no står Vangstunnelen på E16 endeleg klar til opning. Den 2468 meter lange tunnelen kan snart ta unna størsteparten av trafikken mellom aust og vest.

– Det vil nok merkast godt på Vangen når du vert kvitt gjennomgangstrafikken på E16 mellom Oslo og Bergen. Det vil bety mykje for Voss sentrum, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Lars Magnar Røneid.

Opning av Vangstunnelen

GODT OPPMØTTE: Mange har teke turen for å sjå opninga av den nye tunnelen på E16.

Foto: Egil Torheim

– Mange som gler seg

Ifølgje prognosane er det venta 3500 køyretøy gjennom tunnelen kvar dag, men i løpet av 20 år vil det truleg stige til 4800. Tunnelen var i første omgang regulert til 8,5 meter, men etter ei ny trafikkanalyse vart den utvida med to meter.

Røneid seier det er stor glede og spenning knytt til opninga av tunnelen.

– Vi gler oss. Vi hadde open tunnel på søndag og sette av tre timar så folk kunne gå gjennom. Vi trudde kanskje det kom eit par hundre, men det kom tusen som brukte søndagen på å gå gjennom tunnelen. Eg trur ikkje det berre er oss som byggeleiing som gler seg til at denne vert opna, men også folk på Voss. Det var veldig mange positive tilbakemeldingar.

Tunnelen er ein del av Vossapakken, og 57 prosent vert dekka av bompengar medan resten er finansiert av statlege midlar. Tunnelen har vestinngang om lag 2,5 kilometer før Voss sentrum, og endar i aust på Ringheim.

Fryktar ikkje for butikkane

Med den nye tunnelen vil det bli rolegare og mindre trafikk i sentrum av Voss, men handelsstanden er likevel ikkje uroa.

Anne Marie Opheim

IKKJE UROA: Senterleiar ved Voss Amfi, Anne Marie Opheim, trur ikkje tunnelen vil skape vanskelege høve for handelsstanden. I alle fall ikkje på sikt.

Foto: Daniel Melve Kvarme

– Det er spennande tider for handelsstanden, men vi er optimistar og vi trur dette vil vere positivt på sikt. Det kan hende vi får ein liten svinging med det same, men etter kvart skal det bli betre forhold i sentrum, og då trur vi det skal ta seg opp att, seier Anne Marie Opheim, senterleiar ved Voss Amfi.

Ho gler seg til at den verste tungtrafikken ikkje lenger vil gå gjennom sentrum, og trur folk vil finne vegen dit trass i tunnelen.

– Vi trur at vi skal kunne lage eit sentrum som er så attraktivt at folk vil stoppe innom her akkurat like mykje som før. Voss er eit sterkt merkenamn, og vi har tru på at folk flest som kjem vår veg vil inn og sjå kva Voss eigentleg er for noko, og då må dei innom sentrum.