– Eg er redd for å gje pårørande håp vi ikkje kan innfri

Cold Case-gruppa i Kripos skal gå inn i uoppklarte drapssaker. Den nytilsette leiaren veit at dei i mange tilfelle er dømde til å mislykkast.

Espen Erdal

«COLD CASE»: Espen Erdal skal no vere med på å tilsette 8 personar til ei gruppe som berre skal ta på seg vanskelege drapssaker.

Foto: Sun Iren Bjørnås / NRK

– Vi går inn i sakene fordi vi trur at vi skal finne svar, men det vil ikkje skje i på langt nær dei fleste sakene, seier Espen Erdal.

Han har erfaring frå Kripos og har leia etterforsking i revisjonsfirmaet PwC. Frå i haust skal han styre norges første gruppe for uoppklara drapssaker.

Gruppa blei oppretta etter krass kritikk mot politiet i Bergen for etterforskinga i Monika-saka. Justisminister Anders Anundsen seier dei såg behovet for gruppa lenge før Monika-saka.

– Vi går inn med friske auge, ny teknologi og analyseverktøy. Det gjer at vi kan finne nye spor eller sjå nye samanhengar i eldre saker, seier Erdal.

Gravsteinen til Birgitte Tengs

BIRGITTE TENGS: Fetteren vart dømd, så frifunnen, for drapet på 17 år gamle Birgitte Tengs. No håpar forsvararen at nye DNA-analysar kan finne ein drapsmann.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

Eg vil ikkje at inntrykket skal bli at dersom Cold Case-gruppa berre tar saka, så vil dei pårørande få svar.

Espen Erdal

Vanskeleg utgangspunkt

Fordi foreldingsfristen for drapssaker er heva, kan gruppa ta på seg svært gamle saker. Sidan 1991 har Norge fått over 30 uoppklara drap. Men sakene blir vanskelegare å jobbe med.

– Dei fleste typar spor svekkast med tid. Vitne huskar dårlegare, ein del av dei tekniske bevisa vil og svekkast, fortel den nytilsette leiaren.

Viktige bevis blir rutinemessig kasta. DNA-spora i Monika-saka skulle vore sletta, men var ved ein glipp tatt vare på. Nye analysar av prøvene gjorde at dei fann DNA-spor, som no er hovudbevisa mot den drapssikta mannen.

Monika-siktet

FANN DNA: Ved ein glipp hadde ikkje Folkehelseinstituttet kasta DNA-prøvene i Monika-saka. Då dei gjorde nye og grundigare analysar fann dei DNA-spor som knytte den no sikta mannen til drapssaka.

Fryktar falske håp

– Samtidig må vi ikkje gløyme den teknologiske utviklinga dei siste åra. Vi kan finne tekniske bevis, analysere og sjå ting i samanheng på ein betre og meir effektiv måte enn for 15 år sidan, seier etterforskaren.

Han vil ikkje avsløre drapssaker dei går inn i. Opprettinga av gruppa har allereie skapt håp hos pårørande til drap Birgitte Tengs, Tine Jørgensen og Belur Sardar.

Tina Jørgensen

HÅP OM GRUPPA: Mor til Tina Jørgensen håpar Cold Case-gruppa vil forsøke å oppklare saka. 15 år etter drapet får familien framleis tips.

Foto: Politiet

– Når ei sak kjem opp att må vi snakke med dei pårørande på ny, og det kan vekke vonde minner, fortel Erdal.

– Er du redd for å gje eit falskt håp?

– Ja det er eg. Eg vil ikkje at det skal danne seg eit inntrykk av at dersom berre Cold Case-gruppa tar saka vil dei endeleg få svar.

Politiets norske drapsgåter

Grip inn i distrikta

Politidistrikta må sjølv ta initiativ for at gruppa skal gripe inn i ei sak dei har lagt bort. I somme tilfelle vil gruppa ta fullstendig over saka frå lokale etterforskarar.

Likevel er ikkje Erdal redd for at gruppa skal bli upopulær blant vanlege etterforskarar.

– Nei eigentleg ikkje. Vi skal ikkje drive med å søke etter feil i saker som kollegaer har gjort. Eg trur etterforskarane er svært interessert i å få løyst sakene, til det beste for pårørande og samfunnet.

Gruppa startar arbeidet til hausten. Så langt er leiaren for gruppa den einaste dei har tilsett.

Siste video

Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.
Den tre kilometer lange tunnelen gjennom Løvstakken kan komme til å koste opp mot 150 millioner kroner.
Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.