NRK Meny
Normal

Han skal hale fram den nye Jo Nesbø

Forfattar Chris Tvedt har åtte krimromanar og ein Riverton-pris bak seg. No skal han dele sine tips til å lukkast som krimforfattar.

Chris Tvedt

NY BOK: Chris Tvedt er aktuell med boka «Et djevelens barn» og skrivekurs for krimforfattar-spirer. Her under utdelinga av Rivertonprisen med «den gylne revolver».

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Minneverdige karakterar trur eg er nøkkelen til ei suksessfull krimforteljing.

Chris Tvedt

Chris Tvedt er etter kvart blitt ein røynd skribent med åtte bøker bak seg, der ei av dei i 2011 blei tildelt Rivertonprisen. No skal han halde kurs og lære uerfarne skrivespirer kunsten å skrive krim.

– Ja, det står att å sjå. Men det er vel det Forfattarsentrum tenker når dei hyrer meg inn til å halde eit sånt kurs, seier Tvedt.

Det er under forfattarsleppet i Bergen i helga at Chris Tvedt på oppdrag frå Forfattarsentrum held skrivekurs for folk som ruger på ein draum om å skrive.

– Eg veit ikkje heilt kva dei ser for seg eller kva ambisjonar dei har. Kanskje alle har lyst til å bli ein ny Jo Nesbø. Eg reknar med at dei er ute etter dei triksa som eg har erverva meg i løpet av 8 bøker, samt å unngå dei fallgruvene eg har plaska opp i i løpet av desse åra.

LES OGSÅ: Vi låner mest krim på bibliotekene

Jakta på ein død mordar

Chris Tvedt

KLAR FOR BOKHAUSTEN: Chris Tvedt er ute med ny bok, den siste i trilogien han har skrive saman med kona, Elisabeth Gulbrandsen.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Tvedt debuterte i 2005 med «Rimelig tvil». Etter ni år som publisert forfattar meiner han noko av det viktigaste ved å skrive krimlitteratur, er å fokusere på karakterar.

– Når ein snakkar krim snakkar ein mykje plot, og plot er viktig. Men det er faktisk karakterane me hugsar innan krimlitteraturen, det er ikkje plottet.

– Du hugsar Libeth Salander, du hugsar ikkje detaljane på heile kriminalplottet. Me hugsar Sherlock Holmes, men ikkje nødvendigvis kva plottet handlar om. Minneverdige karakterar trur eg er nøkkelen til ei suksessfull krimforteljing.

– Trenger me fleire krimforfattarar?

– Trenger me fleire forfattar i det heile tatt? Ja, me trenger fleire gode forfattarar. Spesielt tenker eg at me trenger ei fornying aldersmessig. Krimforfattarar er ein ganske tilårskommen gjeng, der dei aller fleste er ganske gråhåra. Hans Olav Lahlum er på ein måte ungkalven i selskapet. Så det hadde vore fint dersom nokon kunne ha komme og fornya sjangeren, seier Tvedt.

– Korleis ønsker du at sjangeren skal bli fornya?

– Eg har ikkje behov for at nokon skal sprenge rammene for krimsjangeren. Men eg kunne ha ønska meg eit yngre blikk, og folk som skriv med ein yngre og anna erfaringsbakgrunn enn det me som er oppe i 50-åra skriv ut frå.

LES OGSÅ: Dette er den nye krimmen

Ny bok med Edvard Matre

Chris Tvedt er sjølv ute med ein ny kriminalroman som handlar om barn og oppvekst. Den har fått tittelen «Et djevelens barn».

– Det er dessverre ein tittel som er ganske dekkande, seier Tvedt.

Krimromanen er skriven saman med kona, Elisabeth Gulbrandsen. Boka avrundar trilogien om Kripos-etterforskar Edvard Matre, som no er blitt degradert og har fått ansvaret for forsvunne asylbarn hos Kripos.

Jo Nesbø

NY NESBØ? Chris Tvedt held skrivekurs i helga for folk med ambisjonar om å skrive krim, og kanskje bli den neste Jo Nesbø.

Foto: Aschehoug/Paal Audestad

– Då me hadde skrive den fyrste boka i serien som heiter Av jord er du kommet, så sat me att med ein mordar utan identitet og ansikt. Det har alltid vore meininga å følgje han opp, sjølv om me ikkje visste nøyaktig kor me skulle. Eg veit av bitter erfaring kor mordarar og forbrytarar kjem frå. Dei kjem frå eige barndomslandskap. Denne romanen handlar om sårbare barn og deira oppvekst, seier Tvedt.

Med «Et djevelens barn» avsluttar han altså trilogien om Edvard Matre og Viktoria.

– Men det er ikkje det siste lesarane skal få høyre om Matre, lovar Tvedt.

LES OGSÅ: 10 tips til haustens krimbøker

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.