Ei hån mot norske låtskrivarar, meiner både musikkpressa og fagorganisasjonen til komponistane.
Kurt Nilsen. Foto: Marit Hommedal, Scanpix.
Verds-idolet Kurt Nilsen kan smykke seg med to nominasjonar ved utdelinga av årets Spellemannpris. Han kan bli "årets nykommar", og han kan vinne publikumskategorien "Årets låt" der han er nominert med blant andre Lene Marlin og Maria Arredondo.
Fem år gamal låt
Men "She's so high" er slett ikkje frå 2003. Låtskrivaren Tal Bachman frå Canada hadde ein hit med denne låten i 1999.
- Eg synst det er veldig trist for Spellemannsprisen at dei gjer dette. Dei gjer seg sjølve mindre seriøse enn det dei kunne ha vore, seier Bendik Hofseth, jazzmusikar og styreleiar for NOPA, Norsk foreining for komponistar og tekstforfattarar, som har omlag 600 medlemmar.
Han meiner dei kunne ha fått Spellemannsprisen til å vere ein viktig norsk kulturinstitusjon, i staden for hevder han at det heile er blitt ein trist liten kommersiell affære som ikkje har nedslagsfelt i dei miljøa prisen burde hatt nedslag i.
Han syns det er sørgjeleg at Spellemannkomitéen har nominert ein fem år gamal utanlandsk song som "Årets låt".
Trudde det var ein spøk
Også Stein Østbø, musikkjournalist i VG, er kritisk.
- Då eg såg at Kurt var nominert trudde eg med ein gong at det var ein spøk. Låta burde aldri ha blitt nominert, seier han.
Han synst det er ganske alarmerande at ein utanlandsk, gamal låt blir nominert til Spellemannspris for 2003.
Men leiar i Spellemannkomitéen, Ole Edvard Reitan, meiner nominasjonen er fullt forsvarleg.
- Dette er ein nyinnspeling av eit låt som er gjeven ut i fjor. I forhold til reglementet er dette ein ukomplisert situasjon.