NRK Meny
Normal

Han har gjort det til ein vane å halda målet reint

For tredje gong på fire kampar gjekk Åsane-keeper Eirik Østgaard av bana utan å sleppa inn mål. Likevel blir han vraka til neste kamp.

Eirik Østgaard

INGEN MÅL: For tredje gong på fire kampar gjekk Åsane-keeper Eirik Østgaard av bana utan å sleppa inn mål.

Foto: Sølve Rydland

– Eg er veldig nøgd med det eg har gjort til no. Det har gått veldig bra, seier Åsane-keeper Eirik Østgaard.

For tredje gong på fire kampar gjekk Østgaard av bana utan å sleppa inn mål.

Det er ein statistikk ingen andre førstedivisjonskeeperar kan matcha.

Tre av dei fire kampane han har spelt denne sesongen har han oppnådd det engelskmennene kallar cleen sheet, som ofte vert kalla å halda nullen – eller smultring som ein seier i Åsane.

– Tre smultringar på fire kampar er veldig gøy. Det er herleg å sjå at kroppen tar nivået, og at det gjer det meir skjerpa, seier han.

Får ikkje spele neste kamp

Trass i at Østgaard gjorde ein god kamp mot Sandnes Ulf, kan han berre gløyma å spela neste kamp. For Åsane-trenar Kjetil Knudsen har gjort det til ein vane at Erik Østgaard og Martin Sachez Olsen står annankvar kamp.

Åsane fotball

STÅR UTAN TAP: Overraskingslaget Åsane held fram å imponera i 1.divisjon. Etter seks kampar toppar det nyopprykka laget tabellen, utan eit einaste tap.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Vi har to veldig gode keeperar. Difor får begge to prøve seg og ikkje minst nok kvile. så til no meiner eg det har vore veldig positivt, seier Knudsen.

– Det er imponerande

Sjølv om Åsane hadde sjansar nok til å vinna kampen – er trenaren stolt over at dei nyopprykka oransje toppar tabellen, har spelt fire kampar utan å sleppa inn mål og har til gode å tapa i førstedivisjon.

– Det er imponerande. Vi er nokon hardtarbeidande gutar og vanskelege å slå, seier Knudsen.

Østgaard er òg strålande fornøgd – men skulle gjerne stått kvar kamp.

– Eg er aldri nøgd når eg er på benken. Så eg hadde nok trudd eg skulle spele alt då eg rykke opp i fjor, seier Østgaard.

Brann sin første bortesiger

Brann-keeper Kenneth Udjus leverte ein praktkamp og sikra Brann sin første bortesiger for året. 1-0-sigeren borte mot Bryne vart ein real slitekamp for raudtrøyene.

– Han er heilt avgjerande og hadde fleire toppklasseredningar, seier Brann-trenar Rikard Norling

Norling meiner Udjus vart heilt avgjerande på Jæren.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo