Normal

Han har gjort det mange drøymer om

Har du drøymt om å seie opp jobben og leve av musikken? Med drahjelp frå sjølvaste Guy Fletcher i Dire Straits og skodespelar Russell Crowe, har Vidar Ruud gjort akkurat det.

Vidar Ruud

PLATEAKTUELL: For tre og eit halvt år sidan sa Vidar Ruud opp jobben i TV 2 for å satse alt på å bli artist og låtskrivar.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

–Eg er jo blitt 30, og det var no eller aldri, seier platedebutant Vidar Ruud.

Han har tatt det store steget frå kontorlandskapet til frilanstilværet. For tre og eit halvt år sidan sa han opp jobben i TV 2 for å satse alt på å bli artist og låtskrivar. Og angre, gjer han ikkje.

– Den beste tida eg har er når eg får sette meg ned med gitaren som då eg var 12 og øve fem til seks timar i strekk. Den kjensla har eg fått tilbake no, seier Ruud.

Satsar alt for å få spele

Guy Fletcher

MED PÅ PLATA: Dire Straits keybordist, Guy Fletcher er med på plata «Following dreams» som studiomusikar.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Som åtteåring lærte Ruud å spele gitar, og dei fyrste låtane hans blei skrive i 20-årsalderen. Men det har tatt tid å realisere det som alltid har vore draumen.

– Studie og jobb gjorde at eg aldri hatt sjanse til å setje meg ned og sette saman låtane til ei heil plate.

Men no er debutplata «Following dreams» ute. Og med på laget er sjølvaste Dire Straits-keybordist Guy Fletcher, Allen Thomson som mellom anna har spela med Eric Clapton, Jerry Donahue og Gary Moore. Albumet er produsert av Doug Morter frå tidlegare Magna Carta.

– Eg har vore så heldig å bygge meg opp eit nettverk etter kvart, og det har komme godt til nytte, smiler sogningen som no er busett i Bergen.

Til å promotere sin fyrste musikkvideo har Ruud fått drahjelp av sjølvaste skodespelar Russell Crowe, som har reetweeta musikkvedoen til låten «Eternity» for sine 1,5 millionar følgjarar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Russel Crowe reetweet

DRAHJELP FRÅ GLADIATOREN: Russell Crowe reetweeta musikkvideoen til Vidar Ruud, og artisten har soleis fått verdifull drahjelp i platelanseringa.

Foto: Screenshot, Twitter

– Ta ballen og spring

Til hausten legg han saman med bandet ut på sin fyrste turne med plata «Following dreams». På Vestlandet kan ein få med seg artisten 9. august på Målrock i Årdal, og på Ricks i Bergen 13. september.

Å ta dristige val og satse alt går att i debutplata.

– Tittelen handlar om at når du fyrst få sjansen må du gripe han. Du må halde godt og ikkje gje slepp, seier Ruud.

Om plata er eit sjølvbiografisk prosjekt, avviser Ruud delvis. Han får inspirasjon frå fleire hendingar og ulike kjelder.

– Låten «Following dreams» byrja med at eg skreiv om alle dei som har lyst til å bli noko. Det kom frå å ha sett alle dei talentkonkurransane som er på TV no. Alle dei som gjer alt for å bli kjende, både på godt og vondt. Men det er også utdrag frå historier frå venner som har tatt sjansen og satsa alt, fortel Ruud.

– Eg håpar plata kan inspirere folk til å ta ballen og springe når dei fyrst får han.