NRK Meny
Normal

Mannen med ideen om VM i Bergen: – Mange meinte nok at eg drøymde for stort

Då Steinar Remme først lanserte ideen om sykkel-VM i Bergen, var det slett ikkje alle som trudde at det var ein realistisk ide. – Mange fekk nok litt hakeslepp, seier Remme.

Politikarar og sykkelentusiastar feirer sykkel-VM

Politikarar næringslivet og sykkelentusiastar feira med kake på rådhuset då beskjeden om at Bergen får arrangere sykkel-VM kom på torsdag. Steinar Remme til høgre i biletet.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Torsdag denne veka kom beskjeden om at Norge og Bergen får sykkel-VM i 2017. Bodskapen vart tatt imot med vill begeistring blant politikarar og sykkelentusiastar på rådhuset i Bergen.

Får 30 millionar til sykkel-VM

Steinar Remme i Fana sykkelklubb (t.v.), Bjarte Hetlevik i Sotra sykkelklubb og Frode Nyhammer i Fana sykkelklubb (t.h.) er blant initiativtakarane til sykkel-VM i Bergen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Men ideen om sykkel-VM vart lansert første gongen på eit julemøte i 2010. Då var det slett ikkje alle som lét seg overtyde om at det var mogleg å gjennomføre.

– Mange lurte nok litt på kva eg bala med, seier Steinar Remme som kom med ideen om sykkel-VM første gongen.

–Nokon meinte at eg drøymde for stort

Steinar Remme i Fana sykkelklubb har vore med på å arrangere Fana sykkelfestival i 10 år. I 2008 var han òg med på å arrangere NM i Bergen i 2008. Året etter reiste han til Sveits for å oppleve VM. Der vart han overtydd. Bergen skulle arrangere sykkel-VM.

– Eg lanserte ideen på Fana sykkelklubb sitt julemøte i 2010. Der var det nok ein del som fekk hakeslepp og som meinte at eg drøymde for stort, seier Remme.

Men Steinar Remme hadde ikkje tenkt å gje opp av den grunn. Saman med Bjarte Hetlevik i CK Sotra og Frode Nyhammer i Fana Sykkelklubb, gjekk han til politikarane med draumen.

– Dei trengde nokon dagar på å tenke seg om, men eg hadde trua.

Fest frå ende til annan

Under NM i 2008 såg Remme potensialet blant bergensarane.

– Det var så utruleg mange som engasjerte seg og som var klare for å lage fest. Landskapet og arenaen ligg jo her allereie. Me har alt me treng for å lage VM i Bergen, seier Remme.

– Det eg gler meg aller mest til er festen. Eg har opplevd eit sykkel-VM utanlands, og det er ein fest frå ende til annan. Det kjem til å skje mykje rundt eit slikt arrangement, og målgangen er midt i sentrum. Det kjem til å myldre av folk, og dette blir ei oppleving me aldri kjem til å gløyme.

Det internasjonale sykkelforbundet (UCI) kunngjorde torsdag at det har tildelt VM på landevei i 2017 til Bergen.

SJÅ VIDEO: Slik såg det ut på rådhuset då Bergen fekk VM.

Siste video

.....på kaien ventet familien.
Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.
Kunstnere med julekalender i flere norske byer i desember.