Hopp til innhold

– Han er ein nasjonal helt for kommunereformen

Børge Haugetun leiar ein søkkrik kommune, men trossa fleirtalet i folket og gjekk inn for samanslåing med fattige naboar.

Haugetun

FÅR ROS: Ordførar Børge Haugetun i Øygarden gjekk inn for kommunesamanslåing, sjølv om kommunen er rik.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

– Eit leiarskap som vert lagt merke til i heile Norge, seier fylkesmann Lars Sponheim om ordføraren frå havgapet.

Kommunestyret i Øygarden nordvest for Bergen har bestemt seg for å slå seg saman med nabo-øykommunane Fjell og Sund.

Bygdeliste-ordføraren frå rike Øygarden trassa nei-fleirtalet i eigen kommune og leia i staden arbeidet med ein ny storkommune vest for Bergen.

Det får Sponheim til å omtala Haugetun som ein nasjonal «kommunesamanslåingshelt». Han seier det går gjetord om Haugetun i korridorane i Kommunaldepartementet.

– Haugetun ser at det ikkje er nok til å stå aleine. Derfor har han utøvd eit fantastisk leiarskap i dette arbeidet, seier fylkesmann Lars Sponheim.

Det er ein velkjend hersketeknikk å løfte fram dei som er einige med seg sjølv, medan dei som har eit anna syn vert snakka ned.

Sigrid Handegard, Senterpartiet

Mykje motstand

Målt i kroner per innbyggjar har kommunen meir å tape enn å vinne på å slå seg saman med andre. I Øygarden ligg olje- og gassterminalane Sture og Kollsnes, som skaffar kommunen ekstraordinært store inntekter.

Likevel slår dei seg saman med dei fattigare naboane i sør.

– Det har vore ein krevjande prosess og mykje motstand uti Øygarden mot dette, seier Haugetun til NRK.

Sponheim sin kommunestruktur

Han meiner likevel at han og Tverrpolitisk Valliste gjorde det riktige.

– Det var no toget gjekk, seier Haugetun.

– Fantastisk leiarskap

Det har vore særskild vanskeleg å få med ilandførings- og kraftkommunar i arbeidet med å reformera Kommune-Norge.

Eidfjord er døme på ein kommune med store kraftinntekter, men som kan velte kommunereforma i indre Hardanger grunna det klare nei-fleirtalet mot samanslåing.

Øygarden er ein av dei kommunane eg høyrer enkelte vil kalle «lotto-kommunar».

LARS SPONHEIM, FYLKESMANN I HORDALAND
sponheim

LA FRAM PLAN: Fylkesmann Lars Sponheim presenterte sine tankar om kommunesamanslåing for eit ordførarforum denne veka.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

Øygarden er motsetninga. Dei har dobbelt så høge inntekter pr. innbyggjar som naboane Sund og Fjell.

– Øygarden er ein av dei kommunane eg høyrer enkelte vil kalle «lotto-kommunar». Dei har vore så heldige å få ilandføring (av olje og gass) og store inntekter, seier Sponheim.

– Vi er meir eit resultat av gårsdagens geografi enn morgondagens behov, seier Haugetun.

– Hersketeknikk frå Sponheim

Sigrid Brattabø Handegard

Sigrid Brattabø

Foto: Svein Erik Dahl / Samfoto

Men Sponheim vekkjer reaksjonar for rosen han gjev. Sigrid Brattabø Handegard er tidlegare politisk rådgjevar i Stoltenberg-regjeringa og ordførar i Jondal.

No leiar ho Senterpartiet i Jondal, kommunen som velta samanslåingsplanar i Hardanger med knappast mogleg margin.

Handegard meiner Sponheim driv med hersketeknikk.

– Eg reagerer på at fylkesmannen haussar opp dei som trassar folket og «tar leiarskap», som det heiter. Det er ein velkjend hersketeknikk å løfte fram dei som er einige med seg sjølv og regjeringas syn, medan dei som har eit anna syn, vert snakka ned og omtalt som «rævediltarar». Det er pinleg at reforma ikkje har eit tydelegare mål enn at fylkesmennene må ty til slike teknikkar, seier Handegard.