NRK Meny
Normal

Han er ny Kode-direktør

Kunstsamlar og forleggar Petter Snare er ny direktør for kunstmuseene Kode i Bergen.

Petter Snare ny Kode-direktør

PRESENTERT: Petter Snare blei i dag presentert som ny Kode-direktør på ein pressekonferanse i Bergen.

Foto: Frederik Økland / NRK

Den nye direktøren for Kode Kunstmuseene i Bergen blei presentert på ein pressekonferanse i ettermiddag. Han trer inn i ein åremålsperiode på seks år.

Kunstsamlar Petter Snare tar over stillinga som etter den profilerte Karin Hindsbo, som i februar blei utnemnd til ny sjef for Nasjonalmuseumet.

– Eg ser verkeleg fram til å leia ein av Nordens største og viktigaste museumsorganisasjonar i ein av Nordens mest interessante kulturbyar. Kode har ein fantastisk samling og forvaltar ein svært sentral del av norsk og internasjonal kunsthistorie, seier Snare i ei pressemelding.

Variert kunstbakgrunn

Snare har ein variert bakgrunn frå norsk kunstliv og har blant anna vore styreleiar i Bergen Kunsthall, Bergen Assembly og Oslo Kunstforening. 47-åringen har vore styremedlem i ei rekkje galleri, i tillegg til å vera forleggar og kurator for fleire utstillingar.

Den nye direktøren startar i stillinga 1. oktober.

– Eg håpar me i endå større grad kan kobla det lokale og det internasjonale, bringa Bergen til verda og verda til Bergen, seier Snare.

– Utradisjonelt val

Snare er utdannet jurist fra Universitetet i Bergen og har ein mastergrad i leiing frå NHH. Til Kode kjem Snare frå jobben som kemnar i Nedre Romerike.

Sidan Hindsbo tok over stillinga ved Nasjonalmuseumet i februar, er det Sigurd Sandmo, som til vanleg er direktør for komponisthjemmene ved Kode, som har vore konstituert direktør ved museet. Han blei dermed forbigått på søkjarlista.

Sigurd Sandmo

KONSTITUERT: Sigurd Sandmo, til vanleg direktør for komponisthjemmene ved Kode, har vore konstituert direktør ved Kode. Han var ein av søkjarane til jobben.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRk

Snare var den einaste personen av dei seks søkjarane som var unnateke offentlegheit.

Styreleiar Henning Warloe i Kode er svært nøgd med valet, som Warloe sjølv trekk fram som noko utradisjonelt.

– Petter Snare er eit godt og kanskje noko utradisjonelt val, men hans solide erfaring innan juss, økonomi, administrasjon og leiing kombinert med mange års erfaring frå ulike deler av norsk kunstfelt, blir ein stor styrke for Kode, seier Warloe i ei pressemelding.

Disse seks søkte direktørjobben:

  • Torbjørn Gaarder (61), busett i Oslo.
  • Simen Nergård Scheie (25), busett i Oslo.
  • Kine Arnesen (29), busett på Askøy.
  • Sigurd Sverdrup Sandmo (45), konstituert direktør i dag
  • Malin Barth (50) busett i Bergen.
  • Mann, unnateke offentlegheit.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.