Hopp til innhold

Han er Bergens Tidenes nye sjefredaktør

Øyulf Hjertenes (36) går frå stillinga som utviklingsredaktør til sjefredaktør i Bergens Tidende.

Øyulf Hjertenes, sjefsredaktør i Bergens Tidende frå hausten 2015

NY SJEFREDAKTØR: Øyulf Hjertenes (36) tar over jobben etter Gard Steiro, som går til VG.

Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK

Hjertenes erstattar Gard Steiro, som før sommaren annonserte at han ville forlata mediehuset i Krinkelkroken i Bergen til fordel for stillinga som nyheitsredaktør i VG i Oslo.

Sidan då har avisa vore på leit etter ein erstattar for Steiro. Løysinga fann dei internt. 36 år gamle Øyulf Hjertenes kjem frå stillinga som utviklingsredaktør i BT.

– Veldig kjekt! Det er ein utruleg spanande moglegheit. Det som blir viktig for meg er at Bergens Tidende skal halda fram å løfta dei store og viktige sakene for Bergen og Vestlandet, seier den ferske sjefredaktøren til NRK.

– Solid

Det er tøffe tider for avisbransjen. Papiravisene mistar opplag og annonsørane går andre stader.

– Vi må finne modellar for å finansiere journalistikken. Vi driv butikk for å kunne drive med journalistikk, men vi har ikkje knekt koden enno. Den største utfordringa blir å sikre ein berekraftig, digital økonomi i avisa, seier Hjertenes.

Styreleiar Didrik Munch i Bergens Tidende meiner ingen kjenner avisa sine utfordringar betre enn Hjertenes, og er overtyda om at han vil lukkast.

– I dei ulike rollene Øyulf har hatt i BT har han dokumentert solide leiareigenskapar. Han nyt bred tillit i mediehuset, har bred journalistisk erfaring, og har hele tida arbeidet tett på miljø som har forma ut digitale medieprodukt for framtida. Han er ein moderne medieleiar, seier Munch.