NRK Meny
Normal

Han brukte 15 år på boka «Strandebarmaren»

Peter Helland-Hansen brukte 15 år på å skrive og forme boka «Strandebarmaren». – Det er ein veldig rik handverkstradisjon i Hardanger, og eg synst at det handverket fortener at nokon går i djupna på det, seier forfattaren.

Peter Helland-Hansen

HANDVERK: Peter Helland-Hansen gir no ut boka «Strandebarmaren». Han meiner handverkstradisjonen i Hardanger fortener at nokon går i djupna og lagar ei bok om båtbygging.

Foto: Cecilie Holm / Hardanger og Voss museum

Peter Helland-Hansen

FORFATTAR: Peter Helland-Hansen er forfattaren bak boka «Strandebarmaren», ei bok han brukte 15 år på.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Eg har jobba med og praktisert handverket i 20 år, og følgt med desse gamlekarane uti fjorden, så eg tenkte at no har eg sjansen, no klinkar eg til, seier Peter Helland-Hansen.

Forfattaren har i 20 år vore leiar på småbåtverkstaden ved Hardanger fartøyvernsenter, og no gir han altså ut ei bok på litt over 370 sider, ei bok om småbåtbygging i Hardanger.

Boka inneheld 906 fotografi og 172 teikningar som kan hjelpe båtbyggarar i framtida.

– Det var faktisk i 1994 at eg byrja å samle på denne kunnskapen, seier Helland-Hansen.

Boka «Strandebarmaren» inneheld mellom anna eit kapittel om båtbyggarar, eit om materialet, eit om verkstaden, eit om verktøy. I tillegg går boka mellom anna inn på korleis ein kan bygge ein strandebarmar, korleis ein lagar årer, og korleis ein lagar segl og rigg.

Intervjua gamlekarane

Båtbyggarkunnskapen byrja Peter Helland-Hansen å samle inn for alvor då han tok båtbyggarlinja i Jondal i 1989 og i 1990. Etter dette gjekk han i lære i Bjørkedalen på Sunnmøre, og har også gått i lære hjå ein båtbyggar i Troms.

Dei siste 20 åra har Helland-Hansen hatt ei rekkje lærlingar hjå seg, og han har også halde kurs og seminar knytt til båtbyggarfaget.

Strandebarmaren med intervju med Ole Bergheim

INTERVJUA ANDRE: Forfattar av boka «Strandebarmaren», Peter Helland-Hansen, intervjua blant andre Ole Bergheim om båtbygging.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Eg har jobba med å samle materiale til boka, og eg har vore veldig heldig for eg har hatt mange gamle båtbyggarar å prate med i Hardangerfjorden, seier forfattar Peter Helland-Hansen.

– Eg oppsøkte desse karane, og det var heilt på tampen. Eg har intervjua femten karar som er født frå 1911 og framover til 1928, og av dei 15 er det berre eit fåtal som lever i dag, seier han.

Typisk far-til-son-yrke

Harald Johannes Røyrvik er ein av dei Helland-Hansen intervjua til boka si, og han åleine bygde 886 båtar.

– Det var eit typisk far-til-son-yrke, så det var gjerne far og son som jobba saman, og i den familien la dei i ein periode opp produksjonen sin etter rutebåtanløp, seier Peter Helland-Hansen.

– Kvar fjortande dag kom rutebåten som skulle sørover, og då måtte dei ha ein båt på 25 fot klar fordi dei hadde tinga seg plass om bord. Då vart det nok lange arbeidsdagar, seier han.

Helland-Hansen fortel at ein slik 25 fots båt ikkje er ein strandebarmar. Den typiske strandebarmaren vart som regel bygd som ein 16-foting, og er altså ein færing som er frå 14–15 fot og opp i ein 18–19 fot.

– I dag går kunnskapen vidare i ein ny form. På Hardanger fartøyvernsenter legg me vekt på å halde i hevd handverket. Me samlar ikkje primært på gjenstandane, men på det å utøve handverket, seier han.

(Saka held fram under biletet)

Strandebarmar

STRANDEBARMAR: Her er Peter Helland-Hansen saman med ein kollega på tur i ein strandebarmar med segl.

Foto: Lars Arvid Oma / Hardanger og Voss museum

Spesiell type båt

Teikning i boka "Strandebarmaren"

TEIKNING: I boka «Strandebarmaren» er det 906 fotografi og 172 teikningar som kan hjelpe båtbyggarar i framtida.

Foto: Illustratør: Arne Emil Christensen

Ved sida av å ha bygd om lag hundre båtar, har Peter Helland-Hansen stått for restaureringa av like mange.

– «Strandebarmaren» er ein trebåt som har sitt utspring frå bygda Strandebarm i Hardangerfjorden, seier forfattaren.

– Det er ein båt som har endra seg over tid, så dei gamle strandebarmarane var som regel bygd med tre bordgangar, medan det rundt hundreårsskiftet og framover går båten over frå å vera levert til fiskeri, til å bli meir og meir ein lystbåt, seier han.

Strandebarmaren har ofte høge stamtoppar både framme og bak på båten, ein tomme høg per alen båtlengde, presiserer forfattaren, og seier det kan vera eit kjenneteikn på denne typen båt.

Populær båt

Fartøy med dekklast med færingar

POPULÆR: Frå 1930-talet og fram mot andre verdskrig vart det laga mellom 1200 og 1300 strandebarmarar i året, berre frå Strandebarm kommune. Båtane vart gjerne frakta til Sør-Noreg og Oslo.

Foto: Hardanger og Voss museum

Forfattar Peter Helland-Hansen fortel at strandebarmaren er ein populær båt, og at dette truleg har samanheng med at båtbyggarane og oppkjøparane var flinke til å få båtane ut til folket.

– Det var eit forrykande volum på bygginga i mellomkrigsåra, frå 1930-talet og fram mot andre verdskrig snakkar me om ein 1200 til 1300 båtar i året berre frå Strandebarm kommune, seier Peter Helland-Hansen.

– I enkelte krinsar der ute var over halvparten av den mannlege befolkninga sysselsett med å bygge båtar, seier han.

Kor mange slike båtar som finst i dag seier forfattaren er eit krevjande reknestykke, men han vågar seg til å seie at strandebarmaren er den vanlegaste båttypen i Sør-Noreg, og truleg den vanlegaste i Oslofjorden.

Likevel blir det ikkje bygd like mange slike båtar i dag.

Det er ingenting i mot det dette ein gong var. Eg har bygd rundt 100 båtar i mi karriere, men går me tilbake til stordomstida bygde til dømes Hallstein Viken 20 båtar i året i ein 20-års periode, seier forfattaren.

– Difor er det mange gode historier om korleis det tok av det her, og om farta på bygginga, legg han til.

  • HØYR INTERVJUET MED FORFATTAREN HER:
Strandebarmar

STRANDEBARMAR: Peter Helland-Hansen brukte 15 år på boka «Strandebarmaren».

Foto: Lars Arvid Oma / Hardanger og Voss museum

Siste video

Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.
Programleder: Marte Rommetveit