Hopp til innhold

– Det kunne knapt gått meir gale

Selskapet hadde berre to søppeltransportar att. Den nest siste enda med 29 tonn søppel i ei nasjonal lakseelv.

Søppelbil Etne

SLIK GJEKK DET: Her enda ferda til Linköping i Sverige. Sidan Kim Johansen Transport sluttar å ta oppdrag i Haugesundsområdet, var dette ein av dei siste transportane dei hadde i området.

Foto: Bjarte Aastvedt

Kva skal ein sei, det går nesten ikkje meir gale enn dette utan at personar vert skadd. Det skjedde heldigvis ikkje her. Men det er ingen plass å gøyme seg.

dagleg leiar Tommy Slåttum

Firmaet som eig semitraileren som hamna i elva i Etne er danske Kim Johansen International Transport A/S.

Dagleg leiar i avdelinga her i landet bekreftar at turen frå Vestlandet til Linköping i Sverige var ein av dei siste i området for selskapet.

– Det stemmer. Vi skal avslutte køyring frå Haugesundsområdet til Oslo og Sverige. Vi har kanskje ein transport att, seier Tommy Slåttum til NRK sundag.

– Kan ikkje gøyme oss

Det var torsdag førre veke at semitraileren stupte utfor E134 i Etne og ned i den nasjonale lakseelva. I lasten var det 29 tonn med søppel som skulle til Linköping i Sverige.

I samanstøytet med elvebotnen under brua sprakk dørene på traileren opp og søppelet byrja å flyte i Etneelva. Utruleg nok kom den rumenske føraren frå ulukka med berre små kuttskadar.

At ein av dei siste turane frå området enda med store mengder søppel i ei lakseelv beklagar Slåttum i Kim Johansen Transport.

– Kva skal ein sei, det går nesten ikkje meir gale enn dette utan at personar vert skadd. Det skjedde heldigvis ikkje her. Men det er ingen plass å gøyme seg.

Artikkelen held fram under biletegalleriet

Legg ned innlandskøyringa

Men det er ikkje berre transportoppdrag frå Haugesundsområdet det danske transportselskapet skal slutte med.

Dagen før utforkøyringa kunne tungt.no melde at Kim Johansen Transport seier opp ni tilsette og skal kutte ut innlandskøyringa i Noreg.

Årsaka skal vera dårleg lønsemd.

– Vi har tapt nok pengar i Noreg, seier Kim Johansen i ein kommentar til nettstaden.

Johansen presiserer at dei no skal konsentrere seg om eksport- og importkøyring til og frå Noreg.

– Vi fekk beskjeden tidleg i førre veke. Nøyaktig kva det vil ha å seie veit me ikkje enno, er kommentaren til Slåttum i Noreg.

2,5 millionar i minus

Selskapet skal ha gått 2,5 millionar kroner i minus i 2012. Dei har tidlegare fått negativt fokus på seg i forbindelse med at dei vart politimeldt vinteren 2011. Statens vegvesen meinte dei hadde gjennomført ulovleg transport i Noreg.

– Dei sakene vart seinare lagt til sides av politiet. Vi aksepterte eit mindre førelegg på den eine saka for å få det ut av verda, seier Slåttum.

Ryddar framleis

Sigve Sørheim

SKRYT AV RYDDEARBEIDET: Ordførar i Etne, Sigve Sørheim (Sp)

Foto: Etne kommune

I Etne ryddar dei framleis opp etter utforkøyringa. Ordførar Sigve Sørheim (Sp) seier det sundag ser bra ut langs med elva, medan det er monaleg verre på elvebotn.

– Det ser ikkje ut på botn nokre stader. Så me er ikkje heilt ferdige med arbeidet.

Ordføraren vil gjerne gje skryt til mannskapa som har jobba lange dagar.

– Det er fantastisk at så mykje folk har vore med ut. Røde kors tok på seg oppdraget med å organisere og dei har gjort ein kjempejobb, skryt Sørheim.

Kor mykje det kostar dei å fjerne søppelet frå semitraileren til det danske selskapet er han framleis usikker på.

– Det er for tidleg å seie noko om. Nokon må jo betala så me håpar å få hjelp av forsikringa, avsluttar han.