Hopp til innhold

Hamna i arrest etter bråk

Ein mann i 20-åra hamna i drukkenskapsarresten etter at han laga bråk i eit nabolag i Os mellom klokka 03 og 04 i natt. Mannen skal ha ringt på dører, klatra opp på ein veranda og skremt bebuarane i området. Mannen var rusa, men politiet fekk kontroll på han ganske kjapt. – Det har vore bråk fleire stader i natt, men dei fleste har følgd pålegga, og berre ein hamna i arresten, fortel operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Laster Twitter-innhold