Hopp til innhold

Nytt nøkkelvitne kan avgjere krangel om 200 millionar

Forsikringsstriden etter den dramatiske togbrannen på Hallingskeid har nådd nye høgder. No kan vitnemålet frå ein lokførar avgjere den fem år lange krangelen.

Lager nytt togspor på Hallingskeid etter togbrannen

KVEN ER ANSVARLEG?: Tryg og NSB sine advokatar fortel om nye bevis som taler til deira fordel.

Foto: Arnstein Karlsen

Sommaren 2011 køyrde eit tog inn i eit brennande snøoverbygg på Hallingskeid stasjon på Bergensbana. Ingen av dei 257 passasjerane blei skadd, men to togsett blei utbrent.

Brannen skulle visa seg å bli starten på det største regresskravet frå eit forsikringsselskap i norsk historie.

Tryg Forsikring betalte 148 millionar kroner til NSB etter brannen. Men i 2014 kravde dei pengane tilbake, og gjekk saman med NSB til sak mot Norsk Jernbanedrift, Bane NOR og Gjensidige Forsikring.

Denne veka var det sluttprosedyrar i rettssaka som har gått over fire veker i Borgarting lagmannsrett.

– Sveising starta brannen

Bakgrunnen for rekordkravet som enda på rundt 200 millionar i tingretten, var ein rapport frå Havarikommisjonen frå 2012. Her blei det skrive at sveisearbeid utført av Norsk Jernbanedrift for Bane NOR sannsynlegvis var årsaka til brannen.

Partane har krangla heilt sidan offentleggjeringa av rapporten, men det var først i 2014 at Tryg og NSB gjekk til sak. Dei saksøkte blei frifunne i tingretten i desember 2015.

«Usikkerheten om arnestedet smitter over på både sannsynligheten for at de varme arbeidene var brannårsaken, og for at elektriske feil var brannårsak. Tvilen må gå utover saksøkerne.»

Oslo tingrett

No er det lagmannsretten som skal ta stilling til regresskravet. Tryg-advokat Rune Stiegler opplyser at dagens krav ligg omtrent på det same som i 2015.

– Men advokatkostnadane har naturlegvis auka.

Utbrent tog på Hallingskeid

STORE VERDIAR: Etter at dei to togsetta blei totalskadd i 2011 måtte Tryg ut med 148 millionar kroner, men desse pengane vil selskapet ha tilbake.

Foto: Arnstein Karlsen

Nye bilde og forklaringar

Tryg og NSB blir representert av bla. Stiegler, mens dei saksøkte blir representert av Magnus Snellingen.

– Me diskuterer bla. årsak til brann, kor brannen starta, og korleis togsetta blei forsøkt redda etter at brannen oppstod, seier Snellingen.

Magnus Nordøy Snellingen

REPRESENTERER DEI SAKSØKTE: Magnus Nordøy Snellingen er ein av to Wiersholm-advokatar som representerer Norsk Jernbanedrift.

Foto: Jo Michael

Tryg-advokat, Rune Stiegler, fortel at det er lagt fram fleire bevis som ikkje var tilgjengelege i tingretten. Blant anna bilde og videoar frå passasjerane på ulykkestoget.

– Dessutan har lokførar og ombordansvarleg, som såg brannen frå toget sitt førarhus, også forklart seg for lagmannsretten. Det gjorde dei ikkje i tingretten.

– Me meiner at det samla bevisbildet tydeleg viser at brannen må ha starta i austre ende av snøoverbygget, kor det blei utført brannfarlege sveise- og slipearbeid kort tid før brannen oppstod, seier Stiegler.

– Ei sjeldan sak

– Eg oppfattar at eit viktig tema i denne saka er om ein kan bevisa at nokon har handla uforsiktig på Norsk Jernbanedrift si side, og at dette er årsaka til brannen, seier Bjarte Askeland.

Han er jusprofessor ved Universitetet i Bergen, og har skrive spesielt om regresskrav.

Askeland fortel at det har vore mange store regressaker tidlegare, men at det er sjeldan at ein kjem i ein posisjon kor ein har ein ansvarleg som ein kan krevja erstatning frå i ettertid.

Dommen kjem sannsynlegvis til hausten, men det kan gå alt frå ein til fem månadar.

Bjarte

JUSPROFESSOR: Bjarte Askeland ved Universitetet i Bergen.

Foto: NRK