Hopp til innhold

Halie (16) spådd å bli Bergens neste stjerneskot

BERGEN (NRK): Etter å ha bergteke publikum og kritikarar under Vill Vill Vest-festivalen, er Hannah Emilie Grung klar for nye scener. – Det er heilt sinnssjukt.

Halie

DEBUT: Hannah Emilie Grung, alias Halie, går ei lysande framtid i møte, ifølge musikkmeldarar. Torsdag hadde ho sin første konsert i Bergen.

Foto: Elise Farestveit / NRK

– Eg har ikkje høyrt noko liknande frå ein 16-åring tidlegare, seier Einar «Engelen» Engelstad.

Musikkmeldaren, som har 30 års erfaring frå Bergens Tidende, lét seg imponere då han torsdag såg Halie scenedebutere på Kvarteret i Bergen.

«Hun kom, hun sang og hun vant. Blant de tusenvis av konserter jeg har anmeldt i årenes løp har jeg aldri vært borti en mer overbevisende debut,» skriv Engelstad i si vurdering av konserten.

16-åringen, som vanlegvis har ei klokkeklar røyst, vert nærmast mållaus då ho høyrer tilbakemeldinga frå «Engelen».

– Det er veldig, veldig kjekt å høyre noko slikt etter min første konsert, seier Hannah Emilie Grung.

Kombinerer skule og musikk

Framfor ein fullsett sal på Kvarteret viste 16-åringen at Bergen framleis har fleire gode artistar i ermet.

– Det var fantastisk å stå på scena, og tida gjekk alt for fort. Det var gode nervar og stemninga var nydeleg, fortel Grung.

Men førebels er ikkje artistlivet så alt for glamorøst: Dagen etter konserten var 16-åringen nemleg tilbake på skulebenken.

– Det er vanskeleg å konsentrere seg på skulen etter ein slik fantastisk kveld. Det kan verte litt utfordrande å kombinere musikk og skule framover, ler Grung.

Hannah Emilie Grung

SPENT: Halie, som allereie er booka til fleire festivalar neste år, er spent på framtida. – No vil eg finne meg sjølv og min type musikk.

Foto: Elise Farestveit / NRK

– Ein viktig festival

Halie, som artistnamnet hennar er, vart plukka opp av Made Management. Selskapet jobbar også med artistar som Sigrid og Aurora, og Halie har allereie blitt nemnd i samanheng med desse.

– Det er veldig stort. Eg er fan av ei begge, seier Grung.

Bergensbaserte Sigrid Raabe gjorde sjølv suksess under Vill Vill Vest-festivalen i fjor, og har sidan hatt eit svært suksessfullt år.

«Engelen» meiner festivalen er viktig for musikkmiljøet i Bergen.

– Det er ikkje tilfeldig at heile bransjen er i Bergen denne veka, seier Engelstad.

Klar for meir festivalliv

Førebels har Halie berre sleppt låten «Echo», og fredag vart den spelt på radio for fyrste gong i Hordaland i dag.

– Det er heilt fantastisk å høyre seg sjølv på radioen. Eg håpar det vert fleire avspelingar, seier Grung.

16-åringen er allereie booka inn til fleire festivalar neste år, mellom anna Bergenfest og Bylarm i Oslo.

– Det er heilt sinnssjukt! Å vise seg fram på Vill Vill Vest var veldig lærerikt, og no er eg spent på det som skjer vidare, seier Grung.

– Framover har eg lyst å skrive, spele inn musikk, lære meir og finne meg sjølv og min type musikk, seier Grung.

Einar Engelstad

IMPONERT: – Eg vakna med låten «Echo» i hovudet dagen etter, seier musikkmeldar Einar Engelstad etter å ha sett Halie på Kvarteret i Bergen. Han gav debutkonserten til 16-åringen terningkast seks i BT.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

«Engelen» meiner framtida ser lys ut for Halie.

– Ho er 16 år, og truleg må ho førebu seg på å få ein og annan «på trynet» i løpet av dei neste åre. Men det er slik eg pleier å seie til alle som får seg eit lite gjennombrot: Dette må du forvente, slik fungerer denne verda.