Hopp til innhold

Hald på badetrusa – sommarvarmen held fram

Torsdag var den nest varmaste septemberdagen som er målt i Bergen. Gjekk du glipp av sommarvarmen, bør du leggja på svøm fredag.

Soler seg i Bergen september 2016

SEPTEMBERSOL: William Vik og Kristin Bjerke heiv seg i vatnet når sola steikte som mest.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

26,7 grader er det nest varmaste som er målt på målestasjonen på Florida sidan 1904.

Den einaste septemberdagen som har vore varmare var for ti år sidan. 14. september 2006 målte meteorologane 27,1 grader.

Slike tal fordrar til soling og bading.

– Det var kaldt i alle fall. Eg kjende pulsen gjekk opp, seier William Vik etter å ha kasta seg uti.

Sommertemperaturer i Bergen 15. september 2016. Folk som bader. Folk som kommenterer badetemperatur. Folk som kommenterer varmen og det fine været.

HOPPAr I DET: Sjå badebileta frå haustmånaden september.

Solslikkarane i Bergen var ikkje åleine om å nyta den seine sommarvarmen.

Rekord i innlandet

Bergen har vore varmast i Hordaland i dag, og på Kvamskogen vart det sete ny septemberrekord.

Ikkje sidan målingane starta i 1957 har det vore målt varmare i utfartsområdet mellom Bergen og Hardanger. 24,8 vart fasiten.

  • Les også:

– Det er ingen tvil om at dette er uvanleg. Det hender at det er varmt i september, men no har me vore heldige med varmen som kjem frå sør, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Arnstein Tjøstheim.

Bading i september

HERLEG: Ole Martin Nese vedgjekk at han ikkje kjende så mykje dei første sekunda i vatnet. – Men det blir nok eit hopp til seinare på dagen.

Foto: Alrik Selsvik / NRK

Varmen er truleg forbigåande. Sjølv om finvêret held seg, skal det verta kjøligare dei neste dagane. Prognosane for neste veke er enno usikre, men veka startar bra, varslar meteorologen, med stort sett pent vêr. Temperaturen vil liggja rundt femten grader.

– Folk får koma seg ut

Men morgondagen ser lovande ut.

– Første del av dagen kjem temperaturen eit stykke over 20-talet. Det vert høge temperaturar, men ikkje fullt så høge som i dag. Men det er likevel langt varmare enn normalen for september, så folk får koma seg ut, oppmodar Tjøstheim.

Arnstein Tjøstheim

UVANLEG: – Det hender at det er varmt i september, men no har me vore heldige med varmen som kjem frå sør, seier meteorolog Arnstein Tjøstheim.

Foto: Astrid Rommetveit

Utover ettermiddagen og kvelden er det meldt bygevêr. Meldingane for neste veke er enno usikre, men veka startar bra.

Og sjølv om temperaturane vil liggja rundt 15 grader, har meteorologen nokre trøystande ord.

– Det er framleis litt varmare enn normalt for september.