Stryka gardiner med stive hofte
få pappnissane ned i frå loftet
skjortesaum og buksepressing
pussa sølv og pussa messing
Foto: Egil Torheim/NRK
Handla for svarten
handla på spreng
alt det me treng
og ikkje treng
Sursild med og utan løk
tenk om me får besøk
må bruka mest kvar einaste krone
må pussa alle skorne
Presangar - har me hugsa alle?
har me gløymt å kjøpe dadle
julestria starta no
men du kan berre ta det med ro
det er bare å halde koken
det blir jul - sjølv med støv i kroken
(Av poet Arne Torget frå Kvinnherad).