Hopp til innhold

Fire av ti dør i forsøket – Håkon (48) blei første nordmann på «verdas dødelegaste fjell»

Førre gang Håkon Åsvang (48) prøvde seg på Annapurna, blei klatrefølgjet nesten ramma av snøskred. – Eg er ikkje veldig religiøs, men eg bad ei stille bøn på dei verste plassane.

Håkon Åsvang opp fjellet Annapurna

FØRSTE NORDMANN: Då Mount Everest blei for enkelt, sikta Håkon Åsvang seg inn på eit tøffare fjell.

Foto: Privat

Fjellet er berykta, og klatremagasinet Rock and Ice kallar Annapurna for verdas mest dødelege fjell. I 2014 døydde minst 39 personar etter snøskred og snøstormar på og rundt fjellet. Ifølgje Store norske leksikon er dødsraten nærare 40 prosent for dei som klatrar opp.

Toppen er klodens tiande høgaste punkt med sine 8.091 meter.

– Eg klatra Mount Everest i 2016 og ville ha ei endå større utfordring. Då tenkte at Annapurna var et passeleg treningsmål, seier 48-åringen som no er busett i Florø.

Faren for snøskred er stor, noko Åsvang sjølv fekk oppleve første gong han prøvde seg på fjellet. I 2017 forsøkte han å klatre opp fjellet saman med tre andre.

Isklatring Annapurna

HEFTIG: – Eg er ikkje veldig religiøs, men eg bad ei stille bøn på dei verste plassane, seier Åsvang om isklatringa på Annapurna.

Foto: Privat

– Det var så vidt det gjekk bra med kameratane mine. Eg såg raset og fekk varsla dei, og dei fekk festa seg. Dei mista utstyr og sekkane forsvann, så situasjonen var dramatisk, fortel Åsvang.

Ba på dei verste plassane

Tre år med 15–20 treningstimar i veka skulle gje han styrka og kondisjonen til å klare det denne gongen. Sjølv gav han seg 50 prosent sjanse til å klare det.

Loddrett isklatring i fleire tusen meters høgde er ikkje for kven som helst.

– Eg er ikkje veldig religiøs, men eg bad ei stille bøn på dei verste plassane, seier han.

Vêret på fjellet er uføreseieleg og kan skifte fort. Men 23. april nådde han målet.

– Eg såg på slutten at vêret heldt og at eg kunne greie det. Det var fantastisk å nå målet når eg har trent så mykje. Eg var veldig glad og emosjonell på toppen. Det kom nokre tårer då eg stod på toppen, seier han.

Håkon Åsvang opp Annapurna

LIDENSKAP: Håkon Åsvang frå Fusa klatrar fjell på fritida. Til vanleg sel han laks i Bravo Seafood.

Foto: Privat

Svever mellom liv og død

Men dagen etter at dei hadde nådd toppen, kom det meldingar om at ein i følget hadde omkome. Mannen frå Malaysia hadde ein kroppstemperatur på 22 gradar, og svevar no mellom liv og død, ifølgje Åsvang.

– Det var eit skår i gleda. Det blei ikkje nokon fest då vi kom ned att, seier han.

En liten rast opp Annapurna

UTSIKT: Åsvang nyt utsikta under ein pause på veg oppover Annapurna.

Foto: Privat

Åsvang har sjølv fått høyre spørsmål om kvifor han gjer det, og han har fleire vener som kjeftar på han og seier at det er farleg.

– Det er litt egoistisk å gjere slikt, spesielt med tanke på familie og foreldra mine som ligg vakne om natta og ikkje får sove når eg er ute. Eg ser jo den sida og, men eg gjer stort sett som eg vil likevel.

– Kvifor gjer du det?

– Eg har lyst til å nå draumane eg har. Ein lever berre éin gong. Det er ein floskel, men det er noko med det.