Hopp til innhold

Med tommel opp, heilt til topps - sjå video!

Med tommelen opp har Halvor Folgerø og Tim Wassmo haika frå botnen til toppen av Hordaland. Her kan du sjå reisa!

E da mulig å haika seg frå bonn til topp i Hordaland? Da va spørsmålet vårt reisande reportasjeteam ville finna ut dinna veko. Nærmare bestemt frå botnen av Bømlafjordtunnellen til toppen av Hardangerjøkulen.

Turen starta 260,4 meter under havoverflata inne i Bømlafjordtunnelen. Dette er det lågaste punktet i Hordaland, medan det høgste er 1.861 meter over havet på toppen av Hardangerjøkulen.

Spørsmålet var: Er det mogeleg å haike seg frå botnen til toppen i løpet av ei veke?

Snille bilistar i Hordaland

I dag kan vi endeleg konkludere med at svaret er ja! Takka vere venlege bilistar og ein hardfør haiketommelen klarte NRK-teamet å kjempe seg til topps.

– Vi må berre takke alle dei hyggeleg folka som har gitt oss haik. Det har vore utruleg kjekt, og bilistane i Hordaland er veldig snille, seier Folgerø.

Tre døgn på haiketur

Måndag starta turen, og nesten nøyaktig fire døgn seinare sto dei på Hordaland sitt tak og såg utover.

No har dei laga ein «roadmovie» frå reisa si, som du kan sjå øvst i saka, og kanskje også blir inspirert til å legge ut på ein haiketur?