Hopp til innhold

– Ho tok eit val, og kom seg unna

Bistandsadvokaten til jenta som vart utsett for overgrep på Flaktveit i Bergen, seier foreldra hadde snakka med jenta om at alle ikkje er til å stole på, før hendinga. – Dei er overtydd om at dette kunne gått mykje verre, seier han.

Bistandsadvokaten om overgrepssaken på Flaktveit.

SJÅ INTERVJU: Bistandsadvokat Bjarte Aarlie. Foto: Christian Kråkenes | Redigering: Sigurd Hamre.

– Her var det ei jente som tok eit val, og som klarte å komme seg unna, rett og slett fordi foreldra hadde snakka ein del med ho om slike scenario på førehand, seier bistandsadvokat Bjarte Aarlie.

– Foreldra har ei overtyding om at dette kunne gått mykje verre, hadde det ikkje vore for at dei nettopp hadde gjort det som me har oppfordra til, nemleg å snakke med barna om slike ting på førehand, seier Aarlie.

Torsdag ettermiddag vart ein 18 år gamal mann arrestert, og sikta for seksuelt overgrep mot ei seks år gamal jente. Familien er nøgd med at pågripinga kom raskt etter hendinga.

– Hadde snakka med jenta

Bistandsadvokaten vil ikkje fortelje noko meir om korleis jenta kom seg unna, men seier at foreldra har vore veldig klar på kva jenta deira skal gjere dersom dei kjem opp i ein slik situasjon jenta opplevde.

– Dei har snakka om akkurat det som foreldre har blitt oppfordra til i ettertid av at denne saka vart kjent, at «kroppen er din» og slike ting, seier Aarlie.

– Til dømes om at barn bør komme seg unna dersom dei treff på ukjente som spør om ting som ein gjerne ikkje bør spørje om, legg han til.

Jenta har vore i dommaravhøyr tilknytt barnehuset, og familien har også søkt råd der om korleis dei skal handtere opplysningar og korleis dei skal takle reaksjonane til jenta.

Politiadvokat Trond Eide ynskjer ikkje å uttale seg om saka.