Hopp til innhold

Hadde lastebilen full av rakettar – tatt for grove brot på kviletida

Sjåføren var på veg til Forsvaret med sju tonn rakettar i lasten. Hadde berre kvilt fem timar det siste døgnet.

Trailer full av sprengstoff - sladdet versjon

LASTA MED RAKETTAR: Det norske vogntoget vart stogga på E16 ved Osterøybrua.

Foto: Statens vegvesen

Det var torsdag kveld at Statens vegvesen gjennomførte ein tungbilkontroll ved Osterøybrua på E16 i Bergen.

Ein kontroll av eit norsk vogntog fekk kontrollørane til å sperra opp auga. Vogntoget med den norske sjåføren var på veg til Haakonsvern i Bergen og hadde sju tonn med eksplosiv i lasten.

Vi fann grove brot på køyre- og kviletida og ser svært alvorleg på dette. Dette er ein risikolast. Han hadde rakettar i lasten, seier kontrollør Terje Bødtker til NRK.

Brot på kviletida

Vogntoget har frakta eksplosiv frå utlandet og har køyrd i fleire dagar. Det siste døgnet har ikkje sjåføren hatt nok pausar, ifølge Bødtker.

– Han hadde ein døgnkvile som er langt under det som er lovleg. Vi ser veldig strengt på dette med tanke på trafikktryggleiken. På desse vegane skal ein vera vaken med ei slik last, slår Bødtker fast.

Meld til politiet

Reglane for døgnkvile seier at ein skal ha ein samanhengande kvile på 11 timar, eller minst tre pluss ni timar kvar døgn.

– I går hadde sjåføren berre fem og ein halv time i kvile.

Dei har meld vedkommande til politiet. Det er dei som vidare bestemmer kva følgjer dette får for sjåføren.

– Uakseptabelt

Kommunikasjonsdirektør Hallstein Bjercke i Forsvarets logistikkorganisasjon, kallar hendinga for uakseptabel.

– Vi ser alvorleg på dette og vil be om ei forklaring frå transportselskapet rundt kva som har skjedd. Forsvaret aksepterer ikkje brot på kviletidsbestemmelsane hjå våre leverandørar, seier Bjercke til NRK.

NRK har vore i kontakt med det aktuelle transportselskapet, som ikkje ønsker å kommentere saka.