NRK Meny
Normal

HA-medlem fengsla i fire veker

Ein mann i 30-åra er fengsla i fire veker etter ein politiaksjon mot Hells Angels sitt klubbhus i Bergen torsdag. Han er sikta for vald og trugslar.

Væpnet aksjon mot Hells Angels

VÆPNA AKSJON: Væpna politi tok seg inn i Hells Angels sine lokale her i Helldal torsdag føremiddag. I dag vart ein sikta mann i 30-åra fengsla i fire veker.

Foto: Helene Vassbotten Lervik / NRK

Politiet har halde korta tett til brystet etter torsdagens aksjon, der dei ransaka motorsykkelklubben Hells Angels sitt klubbhus i Helldal i Bergen.

Fredag ettermiddag skriv BT at ein mann tidleg i trettiåra er sikta etter aksjonen.

Politiadvokat Magne Sylta bad om lukka dører under fengslingsmøtet, på grunn av omsyn til etterforskinga.

– Vald mot eks-sambuar

Fengslingsmøtet enda med at mannen i 30-åra vart fengsla i fire veker, dei to første i full isolasjon. Han er sikta for vald og trugslar. Ifølgje BT er mannen sikta etter den såkalla familievaldparagrafen, etter at han skal ha truga og utført vald mot sin tidlegare sambuar.

Den sikta HA-medlemmen anka fengslinga på staden.

– Han er helt ueinig med det han er siktet for, og meiner sjølv han er uskyldig. Utover det vil han ikkje kommentere saka, seier mannens forsvarer Cathrine Carlsen-Raftevoll til NRK.

Sylta seier til BT at han – igjen av omsyn til etterforskinga – ikkje kan gå inn på bakgrunnen for siktinga.

Væpna aksjon

Det var torsdag i 11-tida at væpna politi slo til mot Hells Angels sine lokale i Helldal i Bergen.

Dei sperra innkøyrsla, knuste seg inn i lokale gjennom vindauga og arresterte mannen i 30-åra. I tillegg vart lokala ransaka.

Samtidig aksjonerte politiet mot ei adresse på Askøy, der ein annan person vart arrestert i same straffesak.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.