Hopp til innhold

Gut (7) alvorleg skadd etter påkøyrsel

Ein sju år gamal gut er sendt med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus etter at han vart påkøyrt på Torsvikhøgda i Øygarden.

ulukke

PÅKØYRT: Det var i eit bustadfelt på Torsvikhøgda i Øygarden at den sju år gamle guten vart påkøyrt.

Foto: Tale Hauso / NRK

SISTE: Tysdag føremiddag melder Helse Bergen at tilstanden til guten er uendra. Guten er alvorleg skadd.

Det var klokka 16.30 guten skal ha blitt påkøyrt i eit bustadfelt på Torsvikhøgda på Rogn i Øygarden.

Truleg brotsskadar

Kaspar Kaland

INNSATSLEIAR: Kasper Kaland, innsatsleiar i politiet seier at ulukka skjedde i eit uoversikteleg kryss.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Han skal ha vore bevisst då ambulansen kom på staden, og er no sendt med luftambulanse til Haukeland, seier Vibeke Ness i AMK til NRK.

Ifølgje innsatsleiar i politiet, Kaspar Kaland, skal ulukka ha skjedd i eit uoversiktleg kryss.

– Guten kom syklande ned i eit kryss der sikta er dårleg. Føraren av bilen såg rett og slett guten for seint og køyrer på han, seier Kaland som legg til at guten hadde på seg hjelm.

I følgje ei pressemelding frå Haukeland universitetssykehus er guten alvorleg skadd.

sykkel
Foto: Tale Hauso / NRK

– Han vart sendt med luftambulanse til Haukeland. Det er truleg brotskadar det er snakk om, ifølgje Kaland.

Sjåføren er sterkt prega

Politiet er på staden og snakkar med føraren av bilen.

– Han er sjølvsagt sterkt prega av det som har skjedd. Det er ikkje teikn på at han skal ha vore rusa av noko slag. No blir det oppretta sak, og me avhøyrer føraren av bilen.