Hopp til innhold

Gut påkøyrd i Arna

  • KUTTSKADER:

    Den ni år gamle guten som vart påkøyrd i Arna i ettermiddag, har fått ein del kuttskadar i ansiktet. Ifølge politiet er guten vaken og bevisst på sjukehuset og skal no til skanning. Guten hadde ikkje på seg hjelm då han vart påkøyrd.

  • SENDT TIL HAUKELAND:

    Guten som vart påkøyrd i Arna er sendt til Haukeland sjukehus med luftambulanse. – Han var bevisst, men skadeomfanget er ikkje kjend enno, seier operasjonsleiar Morten Kronen i politiet. Politiet snakkar no med sjåføren av bilen som køyrde på guten.

  • SENDER LUFTAMBULANSE:

    Luftambulanse blir sendt til Arna, der ein gut er påkøyrd ved jernbanestasjonen. – Politiet er straks på plass med to bilar også, fortel operasjonsleiar Morten Kronen i politiet.

  • GUT PÅKØYRD:

    Ein gut er påkøyrd ved jernbanestasjonen i Arna. Ifølge politiet har guten sykla og deretter blitt treft av ein bil ved parkeringsplassen ved Ålgård. Ambulanse og politiet er på veg.