NRK Meny
Normal

Gut (9) påkøyrd – henta av luftambulanse

Ein gut vart påkøyrd ved jernbanestasjonen i Arna. Han vart sendt til Haukeland sjukehus med luftambulanse med kuttskadar i ansiktet.

Gut påkøyrt i Indre Arna

HENTA AV LUFTAMBULANSE: Luftambulanse vart sendt til Arna og landa like ved rundkøyringa på E16. Guten var bevisst då han vart sendt til Haukeland sjukehus.

Foto: Lars Sveinung Lid / Bygdanytt

SISTE: Den ni år gamle guten har fått ein del kuttskadar i ansiktet. Politiet fortel at guten er vaken og bevisst på sjukehuset, og skal no til skanning. Han skal ikkje har brukt hjelm.

Haukeland sjukehus opplyser i ein pressemelding klokka 18.00 at den ni år gamle guten er lettare skadd.

Gut påkøyrd i Arna

PÅKØYRD: Gut på sykkel vart påkøyrd av ein bil i Arna.

Foto: Lars Sveinung Lid / Bygdanytt

Politiet fekk melding om ulukka av AMK like før klokka 16.30.

– Ein gut er påkøyrd av ein bil. Ambulanse og politi er på veg, fortel operasjonsleiar Morten Kronen i politiet.

Guten skal ha sykla langs vegen då han vart treft av ein bil ved parkeringsplassen ved Algaard.

– Han har hamna i frontruta på køyretøyet. Det er sendt ambulanse og luftambulanse til staden, bekreftar Kronen.

Henta av luftambulanse

Klokka 16.45 fortel politiet at niåringen er sendt til Haukeland sjukehus med luftambulanse. Skadeomfanget er førebels ikkje kjend.

– Men han var bevisst. No snakkar vi med sjåføren av bilen, fortel Kronen.

Ulukka har skjedd på parkeringsplassen bak jernbanestasjonen i Arna. Luftambulansen landa like ved rundkøyringa på E16, der ein kan ta av til Øyrane Torg.

Kuttskadar

Klokka 17.45 opplyser politiet at den ni år gamle guten er vaken og bevisst på Haukeland. Han har fått ein del kuttskadar i ansiktet og vert no sendt til skanning.

Guten brukte ikkje hjelm då han vart påkøyrd.

Laster kart, vennligst vent...


Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.