NRK Meny
Normal

Gut påkøyrd av buss - alvorleg skada

Ein ni år gamal gut er alvorleg skada etter å ha blitt påkøyrd av ein buss i Bergen fredag ettermiddag.

Gutt påkjørt av buss ved Søreide

SAMANSTØYT: Bussruta vart knust i ulukka. Sjåføren kan ikkje lastast, opplyser politiet.

Foto: John Nøstdal

Klokka 15.40 melde politiet på Twitter at det hadde skjedd ei trafikkulukke i Steinsvikvegen i Ytrebygda.

– Me rykka ut til Kiwi i starten av Steinsvikvegen i Ytrebygda like før klokka 15.30. Me fekk ein telefon frå nokon som fortalde at ein gut var påkøyrd av ein buss, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.

– Guten er ni år, og har kome seg ut i vegbana der han blei påkøyrd.

Han er frakta til Haukeland sjukehus i ambulanse.

– Ambulansepersonalet oppgav at guten er kritisk skada. Han blødde frå hovudet, men var medviten når dei kom til staden. Han vart sendt til Haukeland.

Klokka 20.00 skriv Haukeland universitetssjukehus i ei pressemelding at guten er alvorleg skada.

– Guten var åleina

– Guten var åleine når dette skjedde, ut ifrå det me veit, seier Kolltveit.

Politiet har fått varsla pårørande, og mora har kome seg til Haukeland sjukehus.

Politiet jobbar no på ulukkesstaden.

– Me er ute med eit par patruljar som snakkar med bussjåføren og busselskapet for å finna ut kva som har skjedd.

Bussjåføren kan ikkje lastast

Klokka 16.45 opplyser politiet at sjåføren ikkje kan lastast for ulukka.

– Ut ifrå det me veit no har ikkje bussjåføren kunna gjort noko annleis. Guten kom svært brått ut i vegbana, seier Kolltveit.

Politiet har også snakka med fleire vitne som såg kva som skjedde.

Trafikken går som normalt på staden.

Saka vert oppdatert.

Laster Twitter-innhold

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.