Hopp til innhold

Gut (16) omkom i utforkøyring i Bergen

Ein 16 år gamal gut mista livet etter å ha køyrt utfor vegen med motorsykkel på Åstveit i Bergen.

Politibil ved ulukkesstaden Åstveit i Bergen

OMKOM: Politiets krimteknikarar jobba med å finne årsaka til ulukka i natt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Melding om ulukka kom inn til politiet i Bergen klokka 01.31 natt til tysdag. Ein motorsykkel hadde køyrt utfor vegen på Åstveit, nord for Bergen sentrum.

Naudetatane var raskt på staden og fekk lokalisert sjåføren av motorsykkelen. Det vart starta livreddande førstehjelp, men livet til den 16 år gamle guten stod ikkje til å redda.

– Han vart erklært død på staden. Dei pårørande er varsla, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt til NRK.

16-åring omkom i ulykke ved Åstveit i Bergen

16-åringen køyrde utfor skrenten på høgresida av vegen. Lyset på nedsida av vegen stammar frå arbeidslampene til krimteknikarane til politiet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Krimteknikarar leitar etter årsaka

Det er ingen mistanke om at andre køyretøy var involvert i ulukka. Det er heller ikkje mistanke om ruskøyring. 16-åringen har køyrd ein lett motorsykkel.

Statens vegvesen si ulukkesgruppe er varsla, og har vore på staden saman med politiets kriminalteknikarar.

Hellesund legg til at årsaka til ulukka er ukjend. Det er heller ikkje meld om glatt vegbane i natt.

Ulukka vil bli etterforska ved Bergen nord politistasjon.

Ingen augevitne

16-åringen har køyrd utfor vegen på veg ut til Våganeset. Her er vegen smal, med ein bratt skrent på nordsida.

Det er ikkje autovern, men stabbesteinar på sida av den kommunale vegen.

– Det er ingen augevitne, seier politioverbetjent Rune Løland ved Bergen nord politistasjon.

– Me prøver no å finne eit nærare tidspunkt for når ulykka skjedde, sier Løland.

Den omkomne vart funnen i skrenten på nordsida av vegen. Folk i området varsla politiet då dei såg deler av motorsykkelen ligga i vegen ved staden der guten hamna utfor.

dødsulukke MC