Hopp til innhold

Gunnar Bakke går av på dagen etter konflikt

«Jeg har i dag valgt å fratre som byråd med umiddelbar virkning med bakgrunn i uenighet om veivalg knyttet til konkrete saker.», skreiv byård Gunnar Bakke (Frp) på sin Facebook natt til måndag.

Gunnar Bakke

KULTURBYRÅD: Gunnar Bakke er byråd for kultur, næring, idrett og kirke. I 2007-2011 var han ordførar i Bergen kommune.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Eg visste ikkje at han kom til å trekkja seg. Den beskjeden fekk eg sjølv i natt.

Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen

– Det var på grunnlag av ei samtale eg hadde med Bakke sundag kveld at han han har valt å gå av, seier Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen til NRK.

Byrådet i Bergen har kalt inn til møte klokka 10.00 måndag føremiddag. Temaet er situasjonen som har oppstått etter at Bakke meldte sin avgang.

Går på dagen

Stolt-Nielsen

MØTE SUNDAG: Sundag føremiddag hadde Bakke og Stolt-Nielsen eit møte. Det var etter dette møtet Bakke bestemte seg for å gå av som byråd.

Foto: Magnus Aamo Holte / NRK

Ifølgje byrådsleiaren vart avgjera om å gå av tatt sundag kveld. Det var også då Stolt-Nielsen sjølv vart infomert.

– Akkurat kva vi diskuterte vil eg ikkje seie noko meir om. Det var ei privat samtale mellom oss to, seier Stolt-Nielsen.

– Eg visste ikkje sjølv at han kom til å å av. Den beskjeden fekk eg sjølv i natt.

Settebyråd tek over

Byrådsleiaren fortel at det i løpet av dagen vil vera eit formelt byrådsmøte der saka vert diskutert.

– I dagens byrådsmøte vil me overføre dei fullmaktene Gunnar Bakke hadde opp til min avdeling.

– Det vil då vera meg som fungerar som settebyråd for Bakke så lang tid det er naudsynt.

Bakke sa i februar frå seg leiarvervet i Hordaland Frp, eit verv han hadde hatt i ti år.

Bestilte eigen bybane-rapport

Gunnar Bakke

BYBANEKRANGEL: Etter det NRK kjenner til skal bybanekrangelen ha vore ei utløysande årsak til at Bakke no går av.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Etter fleire månader med debatt om kor bybanen i Bergen skal gå i framtida bestemte Frp seg for å bestille ein eigen konsulentrapport for eit alternativ til eksisterande forslag.

Framstegspartiet i Bergen var ikkje nøgd med traséalternativa Byrådet har lagt fram for Bybanen gjennom sentrum. Difor bestilte dei si eiga utgreiing.

Resten av byrådet visste ingenting om Frp sin eigen bybanerapport.

Etter det NRK kjenner til vart dette motteke dårleg i dei andre byrådspartiene, fleire skal ha meint at det var illojalt av Frp å bestille sin eigen rapport.

Sentrale kjelder i Frp sa tidlegare denne veka at "Krf og Høgre såg det som å erklære krig då Frp la fram ein rapport samarbeidspartnarane ikkje visste om"

– Dette er jo blitt ein betent sak, sa Frp sin gruppeleiar Tor Woldseth, til NRK då saka vart kjend.

Leiar i Bergen Frp, Eiler Macody Lund, som også er ein del av bystyregruppa til partiet, vil ikkje kommentere Gunnar Bakke sin avgang som byråd i natt.

– På noverande tidspunkt har eg ingen kommentar, seier Lund.

– Mange reaksjonar

Bakke er byråd for kultur, næring, idrett og kirke, og var ordførar i Bergen perioden 2007-2011.

Under meldinga som Bakke sundag kveld la ut på Facebook, lar ikkje reaksjonene vente på seg.

Og fleire har kommentert avgangen på Twitter. Kommunalråd i Bergen kommune, og leiar av bystyre sin komité for oppvekst, Pål Hafstad Thorsen (Ap), skriv mellom anna på Twitter at Bakke skal ha hatt hastverk med å trekkje seg.

«Dette kan ende i byrådskrise. Antar Bakke kommer tilbake til bystyret. Kommer Bakke tilbake til bystyret vil byrådsleder Stolt-Nielsen (H) få ytterligere problemer med å håndtere FrPs bystyregruppe. Antar at Bakke har vært mer involvert i FrPs alternative bybaneplaner enn hva tidligere antatt. Umulig for byrådslederen å leve med?»

«Én ting er sikkert: Bakke overrumpler byrådsleder Stolt-Nielsen. Sender pressemelding natt til mandag, på egen kjøl, helt utenom protokoll. Ingenting tilfeldig når det kommer til Bakke. Han har hatt hastverk - før han ble avskiltet av byrådslederen. Dette blir krig,»