NRK Meny
Normal

Ro-heltane heidra for VM-gullet

Dei to nye ro-verdsmeistrane Kristoffer Brun (25) og Nils Jakob Hoff (28) hylla for gullet heime i Norge. – Dette gir enorm inspirasjon, jublar Hoff.

Brun, Hoff og Bakke

HYLLA VERDSMEISTARANE: Kristoffer Brun og Nils Jakob Hoff vart hylla med fat, blomar og kake tysdag føremiddag. I midten byråd Gunnar Bakke.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Det er veldig kjekt at de har gjort at Bergen får sitt første VM-gull i roing, seier Bergen sin byråd for kultur, næring, idrett og kyrkje, Gunnar Bakke, til roarane Kristoffer Brun og Nils Jakob Hoff.

No står de på toppen i verda. De er verdas beste innan dykkar felt!

Gunnar Bakke, idrettsbyråd i Bergen

Ro-VM vart avslutta 1. september, og dei to bergenske verdsmeistrane vart hylla med kake tysdag føremiddag.

Nils Jakob Hoff og Kjetil Borch tar VM-gull i Sør-Korea

GULL: Nils Jakob Hoff og Kjetil Borch jublar etter sitt gull i Sør-Korea.

Foto: Esther Verburg

Brun vann gull i lettvektsklassa saman med Are Strandli frå Stavanger, medan Hoff vann i den opne klassa saman med Kjetil Borch frå Tønsberg.

  • Sjå gull-løpa på nytt nedst i saka.

– På toppen i verda

– Heile kommunen, idrettsmiljøet og heile byen er veldig stolte av å ha slike flotte idrettsutøvarar, og det gir ein enorm inspirasjon til heile miljøet seier Bakke, før han ymtar om at prestasjonane i VM gir inspirasjon til vidare kommunal støtte til ro-miljøet i Bergen.

– Eg er jo ansvarleg for å byggje roanlegg i Fana, og ser at no er det berre å byggje det ferdig, seier han.

– Bra! utbryt Nils Jakob Hoff og gir tommel opp til byråden.

VM kake Nils Jakob Hoff og Kristoffer Brun

KAKEFEST: Byråd Gunnar Bakke spanderte kake på verdsmeistrane.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Bakke fortel at dei heidra Hoff og Brun for å syne at kommunen står bak roarane.

– Vi er glade for å ha kunne stille med nokre stipend undervegs, når de har flytta dykk stadig lengre opp på pallen. Eg veit ikkje kor mykje støtta vår har hatt å seie, men no står de på toppen i verda. De er verdas beste innan dykkar felt. Gratulerer så mykje, begge to.

– Dritrått å vinne

Dei to nybakte verdsmeistrane legg ikkje skjul på at dei set pris på utmerkinga heimbyen hadde stelt i stand.

– Det er ei veldig stor ære. Vi er veldig glade i byen vår, og har fått mykje støtte frå byen heile vegen. Det er stort å komme hit og oppleve at dei gjer dette for oss, seier Hoff.

Are Strandli og Kristoffer Brun

GULL 2: Are Strandli og Kristoffer Brun kunne også juble i Sør-Korea. De tok gull i lettvektsklassen i ro-VM.

Kristoffer Brun er samd i at det er stas at folket heime i Bergen set pris på prestasjonane frå VM i Sør-Korea.

– Det er herleg å få så mykje støtte, men det er heilt surrealistisk at vi vann. Det har ikkje heilt gått opp for meg endå, seier han, og blir supplert av Hoff.

– Eg har jo drøymt om dette når eg sit og tråkkar på spinningsykkelen, spring på fjella og set meg i båten. Det verkar så uoverkommeleg, men så plutseleg kryssar du mål. Då vert all verdas vekt lyfta av skuldrene, og ein kjenner lette og lykke. Det er dritrått, og utruleg kult å oppleve, fortel Hoff.

Satsar mot OL

Planane framover for dei to roarane blir å satse mot vidare meisterskap. Først kjem VM neste år, før OL i Rio de Janeiro kjem i 2016.

– Rio er hovudmålet, men alle verdsmeisterskap, europameisterskap og NM er også mål i seg sjølve. Etter førre OL var vi lei av å berre satse langsiktig, så vi bestemte oss for å prøve å vinne med éin gong. Difor blir vegen mot OL også målet, seier Hoff.

– Er det mogleg å håpe på OL-medalje neste gong?

Det er mogleg. Vi har kapasiteten til det.

Are Strandli og Kristoffer Brun leverte en superspurt og sikret Norges første gull i roing siden Olaf Tuftes OL-gull i Beijing for fem år siden. Bilder med rettighet fra Eurosport

SE VIDEO: Are Strandli og Kristoffer Brun ror inn til gull 31. august.

Nils Jakob Skulstad Hoff og Kjetil Borch rodde inn til et nytt norsk VM-gull i lettvekt dobbeltsculler, tidlig søndag morgen norsk tid.

SE VIDEO: Nils Jakob Hoff og Kjetil Borch sitt suverene VM-gull frå 1. september.