Gullvinnaren mottatt som ein helt i heimbyen

FLESLAND (NRK): Onsdag ettermiddag landa Salum Kashafali på norsk jord etter at han sprang til gull under para-VM i Dubai. På Flesland hadde familie og vener møtt opp for å ønskje verdsmeisteren velkommen heim.

Verdensmester Flesland

JUBEL: Salum Kashafali fekk ein varm velkomst av vener i Norna-Salhus då han landa på Flesland onsdag ettermiddag.

Foto: Mette Anthun

Den svaksynte 25-åringen feide all motstand av banen på 100-meteren under para-VM i Dubai tysdag. Med tida 10,54 tok han ikkje berre gullmedaljen, men sette òg meisterskapsrekord.

– Dette er noko mange drøymer om, og eg er ein av dei få som får oppleve det. Eg hadde ikkje klart dette utan alle folka i klubben som har støtta meg, sa Kashafali til NRK då han landa på Flesland rundt klokka halv fem.

På flyplassen blei han møtt med applaus, tårer og gode klemmar frå vener og kjente i friidrettsklubben Norna-Salhus.

Verdensmester Flesland

FERSK VERDSMEISTER: 25-åringen frå Salhus tok både gullmedalje og sette meisterskapsrekord i Dubai.

Foto: Mette Anthun

- Herleg å få han heim

Dagleg leiar i klubben, Tom Geir Jensen, er full av lovord om den nye stjerna frå Salhus.

– Det er kjempeherleg å få han heim. Vi har hatt mange gode år saman, og eg blir rørt av å stå her med ein verdsmeister, seier Jensen.

Han meiner alt ligg til rette for at Kashafali no kan satse maksimalt fram mot OL i Tokyo til neste år.

– Vi håpar nokon i Bergen står klar til hjelpe oss til å løfte ham vidare, seier Jensen.

Verdensmester Flesland

KLEMMAR: Kashfali fekk mange gode klemmar frå kameratane i Norna-Salhus då han landla på Flesland.

Foto: Mette Anthun

Tenkjer ikkje på pengane

Korleis gullmedaljen eventuelt vil påverke økonomien framover, har ikkje Kashafali fått tid til å tenkje over.

– Eg føler livet mitt er rikare på grunn av friidretten. Den har på ein måte redda meg. Det i seg sjølv betyr mykje meir enn pengar, seier han.

I kveld skal 25-åringen ta ein velfortent frikveld.

– No skal eg berre slappe av og feire dette med familien, seier Kashafali.