Gullglis og gullkyss då skøyteheltane landa i heimbyen

FLESLAND (NRK): Med gullmedaljane rundt halsen blei Sverre Lunde Pedersen og Sindre Henriksen hylla under heimkomsten måndag kveld.

Sindre Henriksen klinte til da han ankom Flesland

KLINTE TIL: Sindre Henriksen ignorerte pressa og gjekk rett til kjærasten då han og Sverre Lunde Pedersen landa i Bergen måndag.

Noregs første olympiske meistrar på lagtempo blei møtt av eit folkehav då dei landa i Bergen.

Etter å ha sjokkert nederlandske gullgrossistar i semifinalen, sette det norske laget ny olympisk rekord med tida 3.37,08.

«Kong Sverre» kom heim

I finalen blei heimehåpet Sør-Korea slått med klar margin. Fremst i rekka i siste runde sat Sverre Lunde Pedersen frå Os. Eller «Kong Sverre», som publikum på Flesland kalla han.

Sverre Lunde Pedersen landet på Flesland etter OL

HEIMKOMST: Sverre Lunde Pedersen tok gull og bronsen i Pyeongchang. Måndag landa han på norsk jord. –No har eg tenkt å legga meg, sa gullvinnaren til NRK.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Det er godt å vera tilbake. Å koma heim med to medaljar er mykje meir enn eg hadde håpa på, seier Pedersen til NRK.

I tillegg til laggullet sikra osingen éin av Noregs elleve bronsemedaljar på 5.000 meter. 25-åringen tapte sølvet i eit tusendelsdrama på isen i Sør-Korea.

– Eg hadde lyst på éin medalje, men hadde aldri venta å ta to, seier Pedersen til NRK.

Etter returen frå Pyeongchang har osingen to løp igjen før sesongen er over. Det blir difor ingen hemningslaus fest heilt enno.

– Eg gler meg berre til å legga meg.

Skøytegutta møtt av publikum på Flesland

KONGEN FRÅ OS: Ingen tvil om kven som er den nye yndlingen i Os kommune. Arve Monsen (t.v.) og Brynjar Øvstedal tok mot gullgutane.

Foto: Mette Anthun / NRK

Henriksen klinte til

Flyet frå Oslo var forseinka, men det la ingen dempar på stemninga då ordførarane frå Os og Bergen tok mot sine nye skøyteheltar med blomster og fanfarar.

– Velkomen heim – og gratulerer så mykje, sa bergensordførar Marte Mjøs Persen (Ap) då ho overrekte ein blomsterbukett til byens ferskaste OL-medaljør.

Buekorpset Sandvikens Bataljon spelte opp då skøyteløparane omsider møtte dei frammøtte i ankomsthallen. Sindre Henriksen, som har gått gradene i buekorpset sidan barndomen, vedgår at det var stort å bli møtt av ein proppfull ankomsthall.

– Det er veldig spesielt å sjå Sandviken bataljon stå oppstilt. Då veit me at me er i Bergen, seier den olympiske gullvinnaren, som klinte til med kjærasten framfor eit samla pressekorps.

Sindre Henriksen

KORSPGUT: Sindre Henriksen har sjølv gått gradene i buekorpset Sandviken Bataljon. – Veldig spesielt å sjå bataljonen stå oppstilt, seier gullvinnaren.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Tre OL-gull til samme klubb

Spesiell var det også for mor Jannecke Monsen

– Nei, no er eg heilt skjelven. Me må feira litt i kveld.

Det kokte i klubbhuset til Fana idrettslag då klubben tok sitt andre OL-gull på få dagar. Representantar frå idrettsklubben hadde møtt mannsterke opp då gullgutane landa.

PS: Fana sin tredje gullmedaljør Håvard Holmefjord Lorentzen kjem ikkje heim heilt enno. Bergensaren skal gå sprint-VM i Kina før han returnerer til Noreg. Meisterskapet går 3.–4. mars.