Hopp til innhold

GROVE TJUVERI:

Klokka 07.40 fekk politiet melding om eit innbrot i ein bustad i Bispengaten. – Medan familien låg og sov har det vore nokon i huset og tatt med seg ei veske og diverse bankkort. Me sende opp ein hundepatrulje som gjekk forbi Blekebakken. Det syner seg at det også har vore innbrot der, seier operasjonsleiar i politiet Morten Kronen. Ein person er pågripen og sit no i arresten.