Av Egil Torheim og Eli Bjelland
Dersom tunnelen blir vedtatt før årsskiftet, kan bygginga av den 7 km. lange tunnelen mellom Jondal og Nordrepollen i Kvinnherad starta i løpet av 2006.
Jondalstunnelen til Stortinget
- Den uroen som har vore rundt utbygginga i samband med at ein har satsa på å gje klarsignal for andre prosjekt er heilt unødig. Prosjekta blir ikkje sett i samanheng, forklarer Ellingsen.
Jondalstunnelen er samferdsleprosjektet som på mange måtar er blitt borte i støyen rundt bergensprogrammet og hardangerbrua. Men no seier altså statssekretær Arnfnn Ellingsen i samferdsledepartementet at prosjektet får ei positiv tilråding frå departementet, og at saka kjem til Stortinget i månadsskiftet oktober november.
Jubel i folkeaksjonen
Dette er Inge Børslien svært glad for - han er leiar i folkeaksjonen Jondalstunnelen No.
- Det er svært gledeleg at me får dette klare utsagnet frå statssekretæren og samferdsleministeren, seier han.
Jondalstunnelen er omlag 7 kilometer lang og på mange måtar fortsettinga av Folgefonntunnelen. Den kortar vegen mellom Odda og Bergen.
Byggestart i 2006?
Tunnelen blir eit viktig element i den framtidige Haukelivegen, og gjer avstanden mellom Bergen og det sentrale austlandsområdet betydeleg kortare enn i dag.
Børslien reknar med at arbeidet med tunnelen kan koma i gong i løpet av 2006.
- Får me eit stortingsvedtak før jul kan det vera mogleg å byrja arbeidet innan eitt år, meiner Børslien.
- Sats på både tunnel og bru
Børslien ser på knivinga mellom Jondalstunmelen og Hardangerbrua som avslutta sjølv om dei delvis skal kjempa om den same trafikken.
- Dersom me vil ha vekst og utvikling i heile regionen så må ein satsa på både tunnel og bru, fortel aksjonsleiaren.