Hopp til innhold

Grønt lys for landets første private yrkesskule

BERGEN (NRK): I 2030 vil Noreg mangle 90.000 fagarbeidarar. No har kunnskapsdepartementet sagt ja til å opna landets første private yrkesskule i Bergen, og statsråden meiner det vil koma fleire.

Torbjørn Røe Isaksen og Per Christian Stoltz

GLAD: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) gir klarsignal for oppstart av privat yrkesfagskule i Bergen. Her med styreleiar Per Christian Stoltz i EBA Vestenfjelske.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Entreprenørbedrifter på Vestlandet har søkt om å få starta opp ein yrkesfagleg friskule i Bergen. No har dei fått tommel opp frå kunnskapsdepartementet.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen var sjølv på plass i Bergen for å gi klarsignal til oppstart for Yrkesskolen for Bygg og Anlegg i Bergen.

– Behovet er stort. Vi kjem til å mangle 90.000 fagarbeidarar i 2030, om vi ikkje får fleire inn på yrkesfag og får fleire til å fullføre, seier Høgre-statsråden til NRK.

Lovendring

Det var difor ei glede for han å gi eit positivt svar til bransjesamanslutninga Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg (EBA) i Hordaland og Sogn og Fjordane. Det er gått to år sidan dei søkte, men ei lovendring i friskoleloven måtte til før Kunnskapsdepartementet kunne seie ja.

– Det har altså tidlegare vore forbode å starte ein friskule for yrkesfag. Det er jo heilt rart, sidan det var lov å starte både kristen friskule, Montessori-skule og idrettskule, seier Røe Isaksen og ristar på hovudet.

– Vi er opptekne av å utdanne fleire fagarbeidarar. Då er det bra at bransjen tek ansvar og har lyst til å gjera det.

Meiner fleire vil oppnå fagbrev

Kunnskapsdepartementet har godkjent skulen for inntil 60 elevar på VG1 bygg- og anleggsteknikk og inntil 60 elevar på VG2 byggteknikk. Skulen vil bli plassert sentralt i Bergen, og dei som står bak håpar å opne dørene for elevar neste haust.

– Dette var heilt i tråd med det vi har tenkt, så dette er veldig spanande, seier styreleiar Per Christian Stoltz i EBA Vestenfjelske Avdeling.

Målet er ei yrkesfagleg opplæring som er tilpassa behovet til bedriftene. Stoltz håpar dei kan bidra til at færre droppar ut av vidaregåande og heller kjem ut med eit fagbrev i handa.

Per Christian Stoltz

SPENT: Styreleiar i EBA Vestenfjelske Avdeling, Per Christian Stoltz, seier målet er å kunne ta imot dei første elevane på skulen neste haust.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Det er dei same bedriftene som tilbyr unge menneske lærlingplassar som står bak søknaden om å starte skule. Eg trur eit tett samarbeid med bedriftene og ei god fagutdanning gjer at elevane vil klare å sjå vegen fram til eit yrke med ei framtid, seier Stoltz.

Trur på fleire yrkesfagskular

Skulen blir den første i sitt slag i landet, men kunnskapsministeren ser for seg at det vil dukke opp fleire på sikt.

– Det er fordi behovet er så stort og vi ynskjer fleire friskular for yrkesfag som eit supplement til det offentlege tilbodet. Men det føreset sjølvsagt at ein ikkje går tilbake til den gamle lova som sa at slike skular var forbodne, seier Røe Isaksen.