NRK Meny
Normal

– Aldri vore nokon tvil om at det er her eg vil vere

Midtstopparen er samd med 1.-divisjonsklubben om ein ny kontrakt som strekkjer seg ut 2018. – Eg har vore med å spele ned klubben, no må eg betale tilbake.

Rune Soltvedt og Jonas Grønner

SIGNERTE: Her har Jonas Grønner nettopp signert sin nye kontrakt med Brann og sportssjef Rune Soltvedt.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Jonas Grønner signerte kontrakten med pressen til stades før sesongens første trening ved Brann Stadion.

Midtstopparen har i heile haust vore i forhandlingar med klubben. Etter at Brann rykka ned til 1. divisjon, har mellom anna Haugesund vore interessert i å signera Grønner.

No kan supporterane pusta letta ut. Grønner har signert ein kontrakt med Brann som strekkjer seg ut 2018-sesongen.

– Dette er vi i klubben særdeles glade for, sa sportssjef Rune Soltvedt etter signeringa.

– Det har skjedd mykje i klubben

Jonas Grønner

BLIR I BERGEN: Jonas Grønner er no den spelaren med lengst kontrakt med Brann.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Grønner var ein av Brann sine mest sentrale spelarar i 2014-sesongen. 20-åringen er ein av mange unge, lokale talent som har etablert seg på A-laget til Brann dei siste to sesongane.

– Det har skjedd mykje i klubben, men det har i grunn aldri vore nokon tvil om at det er her eg har lyst å vere og her eg vil spele. No gler eg meg til å vere med på det som forhåpentleg blir ein opptur dei neste fire åra, sa Grønner til pressekorpset.

Han hadde eit år igjen av kontrakten, og var også ein heit kandidat til å forsvinne frå klubben etter nedrykket. Men no blir bergensaren altså verande i Branns nye tilvære på nest øvste nivå.

– Eg har vore med å spele ned klubben. Eg er Brann-gut og er stolt over det. No må eg må vere med å betale tilbake til klubben, seier Grønner.

LES OG: – Brann framleis ein attraktiv klubb

Startar sesongen med 23 mann

– Eg vil vise tydeleg at eg har trua på det som skal skjer her framover, og at vi skal reise oss igjen. Det er difor eg har skrive under så lang kontrakt, seier 20-åringen til NRK.

I dag var dagen då Brann-troppen var samla for første gong før sesong. Brann startar oppkøyringa til 1. divisjon med 23 spelarar i A-troppen:

Piotr Leciejewski, Øystein Øvretveit, Andreas Vindheim, Erlend Hanstveit, Jonas Grønner, Erdin Demir, Azar Karadas, Fredrik Heggland, Fredrik P. Knudsen, Vadim Demidov, Eirik Birkelund, Emil Hansson, Fredrik Haugen, Stéphane Badji, Kristoffer Barmen, Amin Askar, Kasper Skaanes, Kristoffer Larsen, Jakob Orlov, Marcus Pedersen, Ibrahima Dramé, Håkon Lorentzen, Erik Huseklepp.

Jonas Grønner signerte ny kontrakt med Brann.

SJÅ VIDEO: Jonas Grønner signerte ny fireårskontrakt.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.