Hopp til innhold

Gresk ferieøy fløymde over etter styrtregn: – Det var i alle fall ein halv meter djupt

Roy Olav Førde og svogeren kasta seg i vatnet då gatene i Hellas fløymde over. – Jo varmare hava blir, jo større er sjansen for tropiske stormar og styrtregn, seier meteorologen.

Roy frå Ostereidet badar i Hellas.

BADAR I GATA: Roy Olav Førde (t.v.) og svogeren Lars Erik Lunde skapte mykje merksemd då dei la på svøm midt i gata på Poros.

Då eit kraftig regnvêr hølja over ferieøya Poros utanfor den greske hovudstaden Aten, blei gatene omgjort til små innsjøar på berre nokre få minutt.

Det var då Roy Olav Førde frå Ostereidet i Nordhordland fann ut at han ville gjere eit lite sprell. Han er på haustferie på øya saman med familien denne veka.

– Folk tok bilete, hoia og skreik. Det blei mykje merksemd, seier Førde på telefon frå Poros.

«Crazy norwegians»

Så mykje ståhei blei det at bildet av han og svogeren Lars Erik Lunde som ligg på rygg med svømmemadrass hamna i lokalavisa via ein lokal kjenning.

– Han kalla oss «crazy norwegians», humrar Førde.

Familien har feriert på øya fleire gonger, men har aldri vore ute for eit så kraftig regnvêr tidlegare.

– Det byrja med nokre små dropar, og så tok det fullstendig av. Det rann nedover dei tronge gatene og vegane blei fylt opp, fortel han.

Roy og Lars Erik

HALV METER DJUPT: – Det var i alle fall ein halv meter djupt, seier Førde.

Foto: Privat

– Vanleg langs Middelhavet

Styrtregn av denne typen er ikkje uvanleg i landa rundt Middelhavet, seier vakthavande meteorolog Geir Ottar Fagerlid hos Meteorologisk institutt.

– Middelhavet er ei kjelde til både varme og fukt. Det fører til at vi får episodar med styrtregn om hausten, seier Fagerlid.

For vel ein månad sidan blei Spania ramma av det verste regnvêret på over hundre år.

Meteorologen meiner det ikkje er klart belegg for å seie at rekordnedbøren er knytt til klimaendringane.

– Det skal ein vere litt forsiktig med, men jo varmare hava blir, jo større er sjansen for tropiske stormar og styrtregn, seier Fagerlid.

Han legg til at nedbørsrekorden i Europa er på 160 millimeter regn på ein time.

Betring i sikte

På Poros er det no full opprydding i gatene etter det kraftige regnvêret. Roy Olav Førde fortel at vêrmeldinga lovar 20 grader og sol dei neste dagane.

Dermed er ekstremvêret truleg over for denne gong.

– Korleis var badevatnet?

– Det var berre reint vatn, med litt grums frå fjellsida. Det var i alle fall ein halv meter djupt, seier Førde.