Hopp til innhold

Gravide Nadae vann kampen mot Nav

Gravide Nadae (22) vart avvist som rettslaus då ho ville levera søknad om sosialstønad. No har Fylkesmannen oppheva Nav-vedtaket. – Saka var heilt klar, seier Fylkesmannen.

Nadae

RETTSLAUS: Spanske Nadae (22) vart avvist som rettslaus då ho søkte om sosialhjelp hjå Nav etter at arbeidsgjevar svindla henne.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Eg er letta og glad. Men eg er samstundes skuffa over at Nav ikkje tok kontakt eller beklaga situasjonen eg hamna i, seier Nadae, som ikkje ynskjer å oppgje sitt fulle namn.

22-åringen fryktar hatkriminalitet, sidan ho tidlegare har klaga på Nav-praksisen.

Den spanske statsborgaren vart svindla av sin gamle arbeidsgjevar i Bergen. Han melde ikkje inn opplysingar om løn og skatt, slik at Nadae ikkje hadde rett på sjukepengar då ho vart sjukmeld i desember.

Då Nadae difor søkte om økonomisk sosialhjelp i mai, fekk ho beskjed om at ho var rettslaus. Den Nav-tilsette ville først ikkje ta imot søknaden, hevdar Nadae.

Då ho fekk levert, vart søknaden avslått.

– Eg kjenner meg svært dårleg behandla, sa ho. Gravide Nadae (22) nektet Nav-hjelp

Spansk rettløs kvinne

FÅR HJELP: Nadae har fått hjelp av Robin Hood-huset i Bergen til å klaga inn Nav-vedtaket.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Nav: – Vurderte for strengt

Etter å ha gjort ei vurdering meinte Nav Bergenhus at Nadae ikkje hadde tilstrekkeleg tilknyting til Noreg.

No har Nav vurdert saka på nytt og innvilga Nadae stønad. I motsetnad til Nav Bergenhus meiner Fylkesmannen at Nadae har fast bupel i Noreg.

– Me tek vedtaket frå Fylkesmannen til etterretning. Utfallet tilseier at vår vurdering i spørsmålet om fast bupel har vore for streng. Me vil vurdera liknande saker etter dei same kriteria, men vil ha denne saka i mente, seier konstituert sosialsjef ved Nav Bergenhus sosialteneste, Berit Eikevik.

Øystein Jacobsen

OPPHEVA: Seksjonsleiar Øystein Breireim Jacobsen hjå Fylkesmannen i Hordaland har oppheva Nav-vedtaket. – Nadae og mannen har betalt skatt, dei har hatt ei inntekt og klart seg rimeleg bra i det tidsrommet. Det tel positivt i vurderinga om fast bupel.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Forventar at Nav følgjer opp

– Nadae og mannen har betalt skatt, dei har hatt ei inntekt og klart seg rimeleg bra i dei fire åra dei har budd her. Det tel positivt i vurderinga om fast bupel, seier seksjonsleiar Øystein Breireim Jacobsenhjå Fylkesmannen.

Me har ikkje vore i tvil om denne avgjersla.

Fylkesmannen i Hordaland

– Me forventar at Nav Bergenhus og Bergen kommune følgjer opp dei signala me sender i vurderinga av liknande saker framover, konstaterer Jacobsen.

Dagleg leiar ved Robin Hood-huset i Bergen, Marcos Amano, har hjelpt Nadae å føra klagesaka mot Nav.

Amano meiner Nav Bergenhus konsekvent tolkar regelverket for strengt.

Marcos Amano

IKKJE OVERRASKA: Marcos Amano ved Robin Hood-huset i Bergen er ikkje overraska over at Nadae får stønad likevel.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Nav stiller for høge krav til å oppfylla kravet om fast bupel. Det er ei utvikling me har sett over tid, meiner Amano, som håpar Nav vil basera sin vidare praksis på føringane frå Fylkesmannen.

Eikevik avviser at Nav tolkar regelverket strengare enn dei har gjort tidlegare.

– Kampen er ikkje over

For Nadae sin del er framtida uviss.

Ho ventar born i desember. Viss ho ikkje får omgjort vedtaket om sjukepengar, vil ho heller ikkje få barselpengar. Ektemannen tok imot sin siste lønsslipp i førre veke.

– Eg har vore utsett for ei alvorleg svindelsak og er skuffa over at eg i svært liten grad har fått hjelp til å handtera det frå det offentlege. Uansett utfall vil eg kjempa vidare.

Klagesaka om sjukepengar er framleis under handsaming av Nav nasjonalt.