Gravemaskin sperra vegen i 7,5 timar

Slik sto gravemaskina og sperra vegen då innbyggjarane skulle på arbeid.

Gravemaskin sperrar vegen

VEGEN SKADD: Fylkesvegen mellom Stamnes og Straume i Vaksdal kommune må reparerast etter at gravemaskina blei ståande fast natt til onsdag.

Foto: 03030-tipsar

– Eg skulle på jobb i Bergen, og sto først to timar og venta i køen. Då fann vi ut at vi måtte køyre omvegen via Romarheim, fortel Stig Robert Leiren.

Omvegen tek halvannan time, ganske nøyaktig dobbelt så lang tid som Leiren brukar til jobb normalt.

Gravemaskin sperrar vegen

SMAL VEG: Gravemaskina sperra heile fylkesvegen.

Foto: Stig Robert Leiren

– Vi var rundt 20 bilar som snudde, fortel han.

Vegen må lappast

Ifølgje Vegtrafikksentralen blei gravemaskina frakta på ein tilhengar då den fekk sleng og hamna delvis utfor fylkesveg 569 like etter klokka 02 natt til onsdag.

Gravemaskin stengjer vegen

MANGE FORSØK: Ikkje før klokka 09.45 onsdag kunne vegen opna for trafikk.

Foto: Stig Robert Leiren

Bilbergar blei varsla samstundes.

Vitne på staden fortel at det kan sjå ut til at hengarfeste svikta.

Sjekk trafikksituasjonen her!

Planen var at vegen skulle kunna opna i 07-tida tysdag morgon, men bergingsarbeidet gjekk trått, og fylkesvegen kunne ikkje opne att før klokka 09.45.

– Vegen har fått ein del sår, så no er vi i gang med å reparera hola, fortel vaktoperatør Svein Ivar Ellefsen, ved Vegtrafikksentralen.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Den tre kilometer lange tunnelen gjennom Løvstakken kan komme til å koste opp mot 150 millioner kroner.
Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.