NRK Meny
Normal

Gråtkvalt familiefar beklaga overgrepa

BERGEN TINGRETT (NRK): Overgrepstiltalt tok til tårene då han forklarte seg om grove seksuelle overgrep mot åtte mindreårige jenter. – Det var noko gale med meg i den perioden.

Vitneboksen i Bergen tingrett, sal V2

I VITNEBOKSEN: På dag tre av overgrepssaken i Bergen tingrett, heldt den tiltalte fram si forklaring.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Måndag la mannen i 40-åra alle korta på bordet i Bergen tingrett. Han erkjente gjentekne seksuelle overgrep mot åtte jenter. Tysdag starta han si forklaring med å seie at det ikkje er tvil om at det er han som har gjort overgrepa, men at han ikkje hugsar å ha gjort dei.

Han hevdar han først vart klar over kva han hadde gjort då han bladde gjennom bilda han sjølv har tatt av overgrepa.

Onsdag heldt forklaringa hans fram, og mannen vart konfrontert med det omfattande og svært grove bildematerialet i saka.

Gråtkvalt forklaring

Påkjenninga for dei pårørande i salen er enorm. Nokre gret, andre held hendene over hovudet.

Etter 28 minuttar i vitneboksen byrjar også den tiltalte å gråte. Det skjer når han beklagar det han har gjort overfor jentene og deira familiar.

– Eg er veldig lei meg for det eg har gjort. Eg var ein dårleg person, det var noko gale med meg i den perioden der. Eg er lei meg for kva barna og familiane har gått gjennnom på grunn av meg, sa tiltalte.

Vedgår at overgrepa ville fortsatt

På dei to første dagane vart over åtte timar med videoavhøyr av jentene spelt av i retten. Det var forklaringa frå ei av jentene som gjorde at politiet vart gjort merksam på mannen i november 2013.

Aktor Magne Kvamme Sylta ville i dag vite om mannen sjølv ville gått til politiet og meld seg, om ikkje jentene hadde sagt frå heime om kva som har skjedd dei på overnattingsbesøk hjå dottera hans.

– Nei, det trur eg ikkje, svara mannen.

Hadde du halde fram med overgrepa dine? spør aktor.

Det er umogleg å svara på, men det kan godt vera at eg ville ha gjort det.

I det første møtet med politiet i november 2013 nekta han alt. Måndag la han altså alle korta på bordet i Bergen tingrett.

Aktor og statsadvokat Magne Kvamme Sylta

Aktor og statsadvokat Magne Kvamme Sylta på første dag av retten. Han er bestemt og krev tydelege svar av tiltalte i si utspørring.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tiltalt for valdtekt

Nokre av jentene var kun fem år då overgrepa mot dei starta, alle var under ti år. Mot fleire av jentene er mannen tiltalt for valdtekt, sidan dei anten sov eller ellers var ute av stand til å motsetje seg handlingane hans.

Bildematerialet i saka er stort. Til no har aktor gått gjennom nær 250 sider med overgrepsbilder i bevisdokumenta. Det er også vist filmklipp i retten som den tiltalte sjølv har tatt av overgrepa.

På førehand åtvara aktor dommarane om sterke bilder. Nokre av overgrepa mot jentene meiner politiet har vart i fleire timar.

Funn av stoff som er søvndyssande

Men som videoavhøyra har vist, fleire av jentene har ikkje vakna og hugsar ikkje kva som har skjedd med dei.

Aktor Kvamme Sylta viser til at det er funne eit stoff i ein hårprøve frå ei av jentene, som kan stamme frå allergimedisin, reisesjuketablettar eller liknande. Ein av verknadane til dette stoffet er at det er søvndyssande.

Dommar Marie Vonen spurde tysdag tiltalte rett ut om han har dopa ned barna.

– Eg har ikkje gitt dei noko, svara han då.

Inviterte på overnatting

Aktor Kvamme Sylta la onsdag også fram tekstmeldingar som tiltalte har sendt til foreldrene til jentene på ulike tidspunkt.

Aktor legg fram bevis for at hans no fråseparerte kone på desse tidspunkta er vekke frå heimen.

– Er det tilfeldig at ho reiser vekk og du inviterer på overnatting, spør aktor Kvamme Sylta.

– Nei det er sikkert ikkje tilfeldig. Det er eit mønster at eg nyttar anledninga når min ektefelle ikkje er tilstades, svarar tiltalte.

Den tiltalte skal i løpet av dagen forklare seg om overgrepa mot kvar enkelt jente i saka.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.