Hopp til innhold

Gratis barnehage til rike familiar

Løyvingane frå regjeringa til Årstad bydel kan gje familiar med høg inntekt gratis barnehageplass.

Barnehage illustrasjonsbilde
Foto: Kate Barth-Nilsen / NRK

I håp om å integrere fleire innvandrarar vil regjeringa gje 400 barn i Årstad gratis kjernetid i barnehage. Men sidan midlane må fordelast geografisk, vil velståande familiar i bydelen få gratis barnehage på kostnad av andre.

Vil ha innvandrarbarn i barnehage

Barneminister Audun Lysbakken (SV)

Barneminister Audun Lysbakken (SV)

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Regjeringa ynskjer at fleire innvandrarbarn skal gå i barnehage i Noreg, men løyvingane frå regjeringa kjem ikkje nødvendigvis dei som treng det mest til gode.

- Me er opptekne av å nå mange barn med minoritetsbakgrunn for at dei skal lære norsk, seier barne- og likestillingsminister Audun Lysbakken.

Gratis barnehage til dei velståande

Regjeringa vil gje gratis barnehage til 400 barn i Årstad. Men fordi pengane må fordelast for heile område vil òg velståande familiar få gratis barnehage.

- Me har ein blanda folkesamansetnad i alle bydelane våre. Når ein innfører generelle tiltak, så vil ein risikere at hjelpa går til folk som ikkje treng det, seier barnehagebyråd i Bergen, Filip Rygg.

Filip Rygg (KrF)

Barnebyråd Filip Rygg (KrF)

Foto: Kristian Ervik / NRK

Rygg fryktar at velståande familiar vil få pengar på kostnad av familiar med større behov.

- Me må få til betre samhandling med departementet slik at me sikrar oss at pengane vert brukt der behovet er størst, og ikkje risikere å bruke for mange millionar på barn som ikkje har det same behovet, seier Rygg.

Har stor tru på prosjektet

- Tanken har vore at me skal løfte eit heilt område, seier Lysbakken.

Barne - og likestillingsministeren har stor tru på prosjektet.

- Det handlar om at me både skal lage ei enkel og ubyråkratisk løysing, og at det ikkje skal vere stigmatiserande for fattige barn å ta imot gratis kjernetid.