NRK Meny
Normal

Graset spirer i november

Den nye, varme vêrtypen har ført til at graset har fått ein ny vår midt i november. Dette lagar problem for bøndene.

Graset spirer som berre det, sjølv om kalendaren viser slutten av november.

Fryktar for avlingane

Ved Stend jordbruksskule i Fana er markene grøne og frodige; det normale for denne tida av året hadde vore nedvisna og gult gras.

Erling Kjosås
Foto: MMS: Per Vidar Raunholm / NRK

 - Graset er vel ein 10-15 centimter og vel så det mange stader. Problemet er at vi må ut og hente det inn med maskiner, og det går jo ikkje fordi det er altfor bløytt, seier gardsstyrar jordbruksskulen, Erling Kjosås.

Kjosås fryktar den seine grasspiringa skal få følgjer for avlingane til neste år.

- Viss graset er for langt om hausten og får ein mild vinter, kan det verte sopproblem i graset.

God grasvekst er normalt sett positivt for bøndene, men Kjosås meiner det no er for mykje av det gode.

- Ja, no tykkjer eg at det gulne av og ta vinteren, vi har ikkje behov for dette graset no.

Ikkje uroa

Botanikar Bjørn Moe ved Aboretet og botaniske hage i Bergen vedgår også at det høge graset er uvanleg for årstida.

- Normalt er det ikkje, det er jo seint i november. Graset er nok grønare enn det bør vere, seier Moe.

Høg temperatur og mykje nedbør er årsakene til at det er så grønt på grasmarkene. Sjølv om graset står frodigare enn noko sinne, er det ingen grunn til uro, meiner Moe.

- Ikkje på kort sikt, sånn som eg ser det. Men vi får jo følgje med og sjå korleis dette utviklar seg neste år.

Graset spirer
Foto: MMS: Per Vidar Raunholm / NRK

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017