Hopp til innhold

Faren oppdaga at arbeidet stogga

Politiet opplyser at det var faren til den omkomne som oppdaga arbeidsulykka i Voss i går. – Han merka at arbeidet stogga, seier lensmannen.

Arbeidsulykke i Voss

KOM I KLEM: Mannen kom i klem i denne rundballepressa. Naudetatane kunne raskt slå fast at han var død.

Foto: Arne Hofseth

Mannen døydde då han kom i klem i ei rundballepresse på ein gard i Holbygda i Voss kommune i 16.30-tida i går.

– Det var faren til den omkomne som først oppdaga ulykka. Han merka at arbeidet stogga, og gjekk bort for å sjå kva som hadde skjedd, seier fungerande lensmann Bjørn Inge Aarsand ved Voss lensmannskontor til NRK.

– Tragisk og uforklarleg

Mannen hadde kome i klem, og då naudetatane kom fram kunne dei raskt slå fast at han var død.

– Ulykka framstår djupt tragisk og uforklarleg, seier Aarsand.

Lensmannen opplyser at det ikkje skal ha vore augevitne til ulykka. Mannen arbeidde på sin eigen gard, og fleire nære familiemedlemmer var heime. Dei fekk støtte frå kriseteamet til Voss kommune i går kveld.

Startar gransking

– Vi skal i dag undersøkja utstyret han brukte då ulykka skjedde, saman med Arbeidstilsynet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen. Målet er å finna ut korleis ulykka kunne skje, seier Aarsand.

Arbeidet med å etterforska ulykka starta allereie i går. Då gjorde politiet dei første tekniske undersøkingane på staden, og dei avhøyrde fleire vitne.

NRK får opplyst frå Arbeidstilsynet at dei ikkje har kommentarar til saka no, og at dei viser til det politiet har sagt om ulykka.

Arbeidsulykke Voss

ARBEIDSULYKKE: Den omkomne mannen arbeidde ifølgje politiet på sin eigen gard då ulykka skjedde måndag ettermiddag.

Foto: Arne Hofseth