Granska 11 tunnelar etter dødsulukke – alle er farlege for syklistar

Likevel vil ikkje Statens vegvesen stenga tunnelar som blir rekna som trafikkfarlege for syklistar. – Dei vil uansett sykla gjennom, spår vegvesenet.

Politiet i ulukke der syklist døydde

DØDSULUKKE: Ein belgisk turist omkom då han blei påkøyrd i denne tunnelen på fylkesveg 7 i Hordaland.

Foto: Jon Bolstad

Ein 58 år gamal belgisk lærar omkom då han vart påkøyrd av ein bilist inne i Raunekleivtunnelen i Samnanger i Hordaland i fjor.

Dødsulukka førte til at Statens havarikommisjon for transport (SHT) for første gong granska ei sykkelulukke. Dei konkluderte med at høg fartsgrense og lite lys bidrog til det fatale utfallet.

På grunn av dødsulukka har Statens vegvesen kartlagt elleve tunnelar på den same fylkesvegstrekninga.

Konklusjonen: Statens vegvesen tilrår ikkje sykling i nokon av tunnelane.

– Dette er eit vanskeleg og samansett bilete. For det finst inga enkel måling som viser kor trygg ein tunnel er for syklistar, seier overingeniør Jostein Vandaskog i Statens vegvesen.

Sykkelulykke FV. 7 Raunekleivtunnelen

TREFFPUNKT: Dette meiner Havarikommisjonen er det antekne treffpunktet mellom sykkelen og bilen.

Foto: Statens havarikommisjon for transport

Dårleg sikt, lys og skilting

Dei ti belgiske sykkelturistane sykla frå Bergen i retning Hardanger på fylkesveg 7.

Vegen er ei mykje brukt strekning blant turistar og syklistar, og er ein del av sykkelrittet Bergen-Voss.

Konklusjonen av vegvesenet si kartlegging er at ingen av dei elleve tunnelane oppnår «grenseverdien vi har sett for å tilrå sykling», heiter det i eit internt notat som nyleg blei gjort kjend.

  • Alle unntatt to tunnelar får dårlegaste score på stoppsikt på grunn av skarpe svingar og smale tunnelprofilar.
  • Alle unntatt to tunnelar får dårlegaste score på grøft og tunnelvegg på grunn av utstikkande tunnelmarkeringsskilt, ujamn grøft eller svært ujamn tunnelvegg.
  • Ingen av tunnelane har lystilhøve som tilfredsstiller dagens krav for å tillata sykling.
  • Ingen av tunnelane har tilfredsstillande skilting for syklande eller gåande.
Laster kart, vennligst vent...

TETT I TETT: På dei 44 kilometrane mellom Trengereid og Norheimsund er det 13 tunnelar. 11 av dei er kartlagde.

Ordførar krev tiltak

– Det er ikkje godt nok. Tiltak må gjerast før neste sesong, seier ordførar i Kvam, Jostein Ljones (Sp).

Fem av tunnelane går gjennom hans kommune. Fire av dei er heilt utan omkøyringsveg, fordi den historiske gamlevegen gjennom Tokagjelet er delvis øydelagd av ras.

– Fylket må gjera ein jobb med å få tunnelane på fylkesveg 7 sikra. Me ser at det er mange farlege situasjonar og uønskte hendingar på denne vegen.

Fordi strekninga er ei godt etablert sykkelrute for lokale og turistar, ynskjer ikkje Statens vegvesen å forby sykling – sjølv om dei meiner tunnelane er trafikkfarlege.

– For at ein i det heile skal kunna ha eit ope tilbod mellom Trengereid og Norheimsund, så må ein sykla gjennom nokre tunnelar. Då blir det spesielt å til dømes stenga Raunekleivtunnelen, sjølv om det finst ein alternativ veg, seier Vandaskog.

For at syklistane skal møta det same heile vegen, har ein valt å halda heile strekninga open. Ved Raunekleivunnelen har vegvesenet gjort tiltak etter ulukka, mellom anna langt betre skilting av omkøyringsvegen.

Syklist omkom i Raunekleivtunnelen

MØRKT: Raunekleivtunnelen er mørk og har djupe grøfter. Slik er også dei andre tunnelane på strekninga. Kalking av vegger er eitt tiltak vegvesenet føreslår.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Trur syklistar vil oversjå forbodsskilt

Ras og skred har dei siste tiåra stengd fleire av dei opphavlege vegane utanfor tunnelane. I tillegg har talet på syklistar auka, meiner Vandaskog.

– Sportssyklistar vil dessutan ofte velja å sykla gjennom tunnelar, sjølv om dei er skilta stengd for syklistar. Difor vil eit forbodsskilt for syklistar gi falsk tryggleik.

Vegvesenet at det vil kosta i overkant av tre millionar kroner å gjera tunnelane tryggare.

Blant tiltaka dei føreslår er:

  • Redusert fartsgrense
  • Kvitkalking av tunnelveggar
  • Fjerning av tunnelmarkeringsskilt
  • Oppretting av grøfter med singel
  • Gjennomgåande skilting for syklande og fareskilt for å varsla annan trafikk

Ordførar Ljones ynskjer heller ikkje stenga vegen for syklistar, fordi vegen er mykje brukt og populær i turistsesongen.

– Opplysing for trafikantar, som skilting som åtvarar biltrafikken om at det er fare, trur eg vil hjelpa. Ein del av dei lette tiltaka bør på plass innan neste sykkelsesong, som kvitkalking og skilting.

Samferdsleutvalet i Hordaland gjekk denne veka inn for at vegvesenet skal kartlegga tunnelar på fylkesvegnettet for å kunna legga dei til rette for syklistar.